Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg ettermiddag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 25. februar 2023

Ute snø og snøfokk, inne lunt og triveleg. Slik var det siste laurdagen i februar da Sanitetsforeninga inviterte til strikkekaffe.

Mange på strikkekaffe. Her var det mykje godt! Foto: Dordi J H.

Her er det flittige hender! Det går mest i strikking, men og litt hekling; alt frå produksjon av genserar i innvikla mønster, sjal og enkle kopptuer. Dordi Fedje som er husflidsekspert, gav nyttige tips.

Under kaffepausen var det fastelavnsfeiring med bollar med krem og friskt og godt syltety og vannbakkels, rett og slett nydeleg – altså berre lekkert!

Jorunn, May-Elisabeth og Kari forsyner seg. Foto: Dordi J H

Og medan strikkegjengen kosa seg i Sanitetshuset, vart det altså bronse i VM i langrenn i Planica til oppdalsjenta Astrid Øyre Slind! Ho er 35 år og debuterte i dag i eit internasjonalt meisterskap. Imponerande!

Det blir ny strikkekaffe om tre veker, altså 18. mars. Da blir det også utlodding.

Fleire bilete frå Fredrikkekaffeen:

Eli, May-Elisabeth og Synnøve. Foto: Dordi J H

Stor innsats! Foto: Dordi J H

 Åse Johanne er snart ferdig med ein flott genser og Dordi Jorunn har akkurat starta på ei kopptue. Bak kamera: Laila Kvendset

Først publisert: 25. februar 2023, 20:48 - Sist oppdatert: 26. februar 2023, 00:17