Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2403 artiklar i dette arkivet.



Konvoi på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. desember 2023

Dei «Bukkene Bruse i badeland» okkuperte det meste av kinoframsyningane til Surnadal kino i romjula, men no får alle sjansen til å sjå den særs kritikarroste norske krigsfilmen «Konvoi» Filmen tek for seg eit katastrofalt militært feilgrep frå 2. verdskrigen, der ein konvoi av transportskip på veg frå Island til Murmansk får ordre om å splitte seg opp og gå på eigen hand vidare.


Tømmekalenderen for januar og februar lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. desember 2023

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for januar og februar 2024 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. 


Nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. desember 2023

Todalen Sokneråd inviterer til nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje søndag 31. desember klokka 16:00 Forrettande prest er Torbjørn Brøske og ved orgelet sit Bernt Bøe. Preiketeksta er frå Johannesevangeliet kap. 14: «Fred etterlater jeg dere».


Spelar du Minecraft og har lyst ut på eit action-eventyr?

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 28. desember 2023

Da vil Teatret Vårt sende  deg ut på eit spesialoppdrag i Surnadal!Teatert Vårt/Riksteatret kjem til Surnadal kulturhus 28. februar med Minecraft-stykket «Det mørke fortet». Til dette stykket treng dei seks lokale skuegamearar.


Nyttårskonsert med TrondheimSolistene

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. desember 2023

Tradisjonen tru, opnar Surnadal kulturhuset nyåret med besøk frå TrondheimSolistene – denne gongen med Gjermund Larsen som gjestemusikar, når dei inviterer til nyttårskonsert fredag 5. januar klokka 19:00. Tilbake er også cellisten Øyvind Gimse som musikalsk leiar for nyttårskonserten


Koseleg juletrefest på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. desember 2023

Nordvik Grendalag inviterte i dag til si tradisjonelle juletrefest i Nordvik forsamlingshus, og det vart ei fin og stemningsfull juletrefest. Rune Måøy, leiar i arrangementskomiteen ønskte velkommen og leia forsamlinga gjennom programmet. 


Fine forhold på skeiseisen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. desember 2023

Finn Ranes i Barne- og ungdomgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er nypreparert skeiseis på Bordholmen stadion, og at det er fine forhold for å gå på skeiser. 


Feil ruter for Kvanne – Rykkjem

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. desember 2023

Det ligg ein feil i rutesøket for rute 1061 Kvanne – Rykkjem for 24. desember (julaftan) og 25. desember (1. juledag) på fjord1.no og i reiseplanleggaren på frammr.no. Så skal du reise og må ta ferge ein av desse dagane, så må du sjekke rutetidene nedanfor, da det er desse rutetidene som gjeld, og ikkje dei du får opp under reiseplanleggaren.


Jule- og nyttårshelsing frå ordføraren

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 23. desember 2023

Ordførar Hugo Pedersen i Surnadal kommune, ønsker alle god jul og godt nytt år, med desse orda: – Eg vil med dette ønske alle i Surnadal kommune ei god jul og eit godt nytt år. 


Søyaposten 2023 har kome

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 22. desember 2023

Dei siste åra har det vorte ein tradisjon at Idrettslaget Søya sitt medlemsblan, Søyaposten ligg i postkassen ein av dei siste dagane før jul. Så også i år, og den 53. årgangen av Søyaposten er no levert i postkassane i «Søyaland». I redaksjonen for Søyaposten 2023 har Theodor Glærum, Marit Haugen, Bergsvein Brøske, Geir Forbregd og Kristin Grønnes vore med. 


Surnadal Taxi informerer

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 21. desember 2023

Også hos Surnadal Taxi er det snart jul. Skal du ha drosje 24. desember (julaftan), må du førehandsbestille før laurdag 23. desember (lille julaftan) klokka 17:00. Det vil vere opphald i all drosjekøyring 24. desember (julaftan) mellom klokka 17:00 – 20:00.