«Gullrush» i Bondehuset
Hausten 2018 gjorde musikalen «stjernestøv», om gullrushet til Klondike stor suksess i Surnadal og Sunndal. No kjem konsertversjonen, med premiere i Bondehuset torsdag 5.august klokka 18:00.
Vi fann 2470 artiklar i dette arkivet.
Hausten 2018 gjorde musikalen «stjernestøv», om gullrushet til Klondike stor suksess i Surnadal og Sunndal. No kjem konsertversjonen, med premiere i Bondehuset torsdag 5.august klokka 18:00.
I morgon, søndag 18.juli mellom klokka 12:00 – 16:00 er det ope i Slettneset steinovnsbakeri. Som vanleg kan dei, òg denne gongen, freiste med nystekte kaffebrød og kaffe. Så har du lyst på «søndagskaffe» med noko godt til i morgon, så er det berre å ta turen til Slettneset steinovnsbakeri.
Søndag 18.juli klokka 11:00 inviterer Todalen sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Leif Endre Grutle medan Ronny Kjøsen er organist. Takkofferet går til kyrkjemusikalsk arbeid. Takkofferet kan, i tillegg til kontantar i kyrkje, vippsast til vipps 506908
Onsdag 14.juli legg Surnadal valstyre ut manntalet til stortings- og sametingsvalet 2021, til allment ettersyn. Manntalet vil bli lagt ut på Surnadal kommunehus og på Surnadal kulturhus – biblioteket i 2.etasje, og vil vere tilgjengeleg til og med valdagen, måndag den 13.september.
Da er tida inne for å fornye støttemedlemskap sitt i Todalen.no. Faktura for støttemedlemskap vil difor dukke opp i postkassen i løpet av dei to neste vekene. Støttemedlemskapet kostar kr. 200,-, og kan, i tillegg til å betalast som ordinær faktura via bankkonto, betalast via vipps til 107600 (TODALEN.NO støttemedlemskap). Ved betaling via vipps, oppgje da fakturanummeret eller namn i meldingsfeltet.
Todalsdagen er den viktigaste enkeltinntektskjelda for Todalen Idrettslag. Vanlegvis utgjer inntekta frå Todalsdagen mellom 15-20% av dei totale inntektene til idrettslaget. I år ser det ut til at Todalsdagen vil ende på eit overskott på godt over 90.000,- kroner.
I morgon, søndag 11.juli mellom klokka 12:00 – 16:00 er det ope i Slettneset steinovnsbakeri. Som vanleg kan dei, òg denne gongen, freiste med nystekte kaffebrød og kaffe. Så har du lyst på «søndagskaffe» med noko godt til i morgon, så er det berre å ta turen til Slettneset steinovnsbakeri.
Sjølv om Stortingsvalet 2021 ikkje er før måndag den 13.september, informerer Surnadal kommune no om førehandsrøystinga, som tek til tysdag 10.august og varer til og med fredag 10.september. Dersom det er heilt umogleg for deg å røyste i perioden med førehandsrøysting, eller på sjølve valdagen, kan du be om tidlegrøysting. Tidlegrøysting må skje etter avtale på kommunehuset i tidsrommet 09:00 – 15:00 og er mogleg å få gjort, frå no, og fram til og med måndag 9.august.
Styret i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank har tilsett Kathrine Mauset (41) i 20% stilling som dagleg leiar i stiftinga. Mauset er utdanna siviløkonom frå Norges handelshøgskole i Bergen (NHH). Ho har brei erfaring innan bank, finans og næringsutvikling. Mauseth har mellom anna arbeidd som analytikar i Danske Markets Corporate Finance og som rekneskapskonsulent i AMFI Eiendom. Dei siste 12 åra har ho vore tilsett som bedriftsrådgjevar i Surnadal Sparebannk.
Det er fortsatt mange ledige dagar for å kunne leige elsykkel i sommar, for å ta ein sykkeltur rundt i bygda vår. Syklane blir ut- og innlevert på Bordholmen stadion. For å bestille elsykkel, ring 986 11 707.
I går, fredag 2.juli kom Surnadal kommune med nye råd for besøk ved Surnadal sjukeheim i sommar. Surnadal kommune ønakjer at alle følgjer desse besøksråda når dei kjem til Surnadal sjukeheim på besøk.
I dag var Ragnar Halle og Eivind Grønmyr i full gang med å slå graset på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, er glad for at dei to karane, på frivillig basis, har teke på seg å slå graset på kyrkjegarden. Det gjer at vi, til ei kvar tid, har ein velstelt og presentabel kyrkjegard, seier Kristian.