Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Raset i Svinvikrunden er rydda

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 26. august 2021

I dag var Øyvind Svinvik med gravemaskin, og Tore Svinvik med motorsak, på plass på rasstaden i Svinvikrunden og rydda bort tre og massar etter raset. Bengt Svinvik var HMS ansvarleg, og såg til at arbeidet vart forskriftsmessig utført. Så no er det mogleg å gå Svinvikrunden. Surnadal har bidrege økonomisk til arbeidet fortel Tore Svinvik. 

Tore kan òg fortelje at tre og massar, som har rasa ut, no er lagt på kanten av vegen, på nedsida. Han vil difor be dei som brukar klatreparken, på nedsida av rasstaden. vere særs forsiktige når dei er i området, da det er grunn til å tru at tre og massar kan rase ut seinare. På grunn av at vegen ikkje tåler tyngre køyrety, var det ikkje mogleg å ta ut tre og massar i dag, og det kan hende at dette ikkje blir mogleg seinare heller. 

Fleire bilete frå ryddinga kan du sjå nedanfor: 

Publisert: 26. august 2021, 17:46