Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårsøg 4H på besøk hos Start 4H

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. august 2021

I går kveld var rundt femten medlemmer frå Vårsøg 4H frå Surnadal på Todalsbesøk, for å besøke Start 4H. Dei to klubbane sine medlemmer vart oppdelt i sju lag, som konkurrerte i ei lokal utgåve av Mesternes Mester. 

Vårsøg 4H og Start 4H møttes på Bordholmen for felles gåtur til gapahuken i Gunnøya. Foto: V A Ansnes

Øvingane det vart konkurert i var: 

  • Eggkasting – Her var det om å gjere å kaste egget til kvarandre på så lang avstand som mogleg, utan at egget gjekk istykker.
  • Bokstavrebus – Her skulle medlemmene finne eit ord som kunne brukast på bålet. Ordet dei skulle finne var smuldrepai. 
  • Så skulle dei lage smuldrepaien og steike den på bålet. 
  • «Klisterhjerne» – Stå lengst mogleg på tå, samstundes som ein fekk sjå mange ting i tretti sekund, som ein etterpå skulle hugse så mange som mogleg av. 
  • Springe inn i skogen, for å finne så mange ting som mogleg, som det var mogleg å ete. 
  • Gjette kor mange godteribitar det var i eit glas med godteri. 

Før Mesternes Mester tok til, hadde May Britt Skjortnes, frå Møre og Romsdal 4H, ei lita orientering om 4H til medlemmene.  

Bokstavrebus. Foto: V A Ansnes

Elles var det lagt opp til litt sosialt samvær for å bli kjent med kvarandre. 

«Klisterhjerne», samstundes som ein står på tå, er ikkje alltid så enkelt. Foto: V A Ansnes

Nedanfor kan du sjå fleire bilete frå besøket i går kveld: 

Fin kveld ved elvebredda. Foto: V A Ansnes

Bokstavrebus. Foto: V A Ansnes

Orientering. Foto: Elinor Bolme

Nydeleg smuldrepai. Foto: Elinor Bolme

 

Kos ved gapahuken i Gunnøya. Foto: Elinor Bolme

Kos ved gapahuken i Gunnøya. Elinor Bolme

Kos ved gapahuken Gunnøya. Foto: Elinor

May Britt orienterer medlemmene om 4H. Foto: V A Ansnes

Publisert: 24. august 2021, 05:00