Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok Svinvikrunden i gråvêret

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 24. august 2021

I dag skulle Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag eigentleg ha teke turen til Åsbøsnyta. Men vêrgudane var ikkje på Fjellgruppa si side i dag, så i staden for Åsbøsnyta vart det ein alternativ tur i Svinvikrunden med besøk på Hjellnes, for tur må det vere uansett vêr! Oppmøtet var naturleg nok litt lågare enn vanleg, og det er fullt forståeleg i det «haustvêret» som var i dag. 

Blaute. men blide og turglade. Foto: Anne V. Einum

– Vi møttes og forhandla om dagens tur. Forslag om utsetting grunna styrtregn vart kontant avvist, fortel Kristian Ranes.

Fleire fine kvileplassar langs Svinvikrunden. Foto: Anne V. Einum

–  Løysinga blei Svinvikrunden avkorta, men om Gjeldnes. Bra motbakkar for kondisen. Nedbøren var strid, så samtalane minte om av gurgling. Vi tok oss inn under eit vedoverbygg oppe på Gjeldnes og fekk oss næring, fortsett Kristian.

Oppe på Hjellnes. Anne V. Einum

– I tunet på Nestun kom eit kopplam og ville slå lag med oss, men han var for ung for vår gjeng. Triveleg gamalnorsk type, fortel han vidare.

Vakker utsikt frå Hjellnes. Foto: Anne V. Einum

– Til slutt var alle samde om at det hadde vore ein triveleg tur også i dag!, avsluttar Kristian. 

Opp eldste bygdaveg til Todalen

Nedanfor finn du fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i dag:

Publisert: 24. august 2021, 20:00