Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første dag ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. august 2021

I dag var det første skuledag for dei samanslåtte skulane Todalen og Stangvik, som frå i dag av er lokalisert på Evenshaugen. I tillegg var det første dag med samlokalisering av Todalen og Evenshaugen barnehagar. Frå i dag av består Todalen og Stangvik oppvekstsenter av ein barnehage med 32 ungar og ein skule, for 1. – 7. årstrinn, med tilsaman 78 elevar. Samstundes var dette første skuledag for 7 spente elevar, som starta skulegangen på 1. årstrinn.  

Velkomne til eit nytt skuleår! Foto: TOSTOP

Elevtalet på dei 7 årstrinna fordeler seg slik: 

  • 1. årstrinn, 7 elevar
  • 2. årstrinn, 8 elevar
  • 3. årstrinn, 14 elevar
  • 4. årstrinn, 12 elevar
  • 5. årstrinn, 11 elevar
  • 6. årstrinn, 10 elevar
  • 7. årstrinn, 16 elevar

Bortimot alle tilsette ved Todalen Oppvekstsenter, skulen og barnehagen, har no fått oppmøtestad og arbeidsplassen sin på Evenshaugen. 

Laila Buskenes Aune ønskjer velkommen til nytt skuleår. Foto: TOSTOP

Elevane har gjennom det siste skuleår hatt fleire felles skuledagar, og kjenner i tillegg kvarandre frå fotball og andre fritidsaktivitetar. 

Dei første tre vekene vil det å bli enda betre kjent vere prioritert både i undervisninga og friminutta. 

Nedanfor finn du bilete av kvart årstrinn: 

 

Publisert: 23. august 2021, 15:12