Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2522 artiklar i dette arkivet.


Sal av kornband i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. november 2021

I morgon (laurdag) vil medlemmer frå Start 4H ha stand utanfor Matkroken Todalen, for å selje kornband.  Kornbandsalet går føre seg i tidsrommet mellom klokka 11:00 – 15:00. Start 4H ønskjer alle velkomne innom standen sin, for å kjøpe kornband eller slå av ein prat!


Julegatetenning på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. november 2021

Søndag 28. november, frå klokka 18:00, er det tenning av, den etterkvart tradisjonelle, julegata til Todalen Grendalag mellom Matkroken Todalen og Talgø. Tenninga av julegata går føre seg utanfor Matkroken Todalen. Det blir sal av lodd i Grendalaget sitt «Julegatelotteri», som har trekning seinare søndag kveld. Grendalaget spanderer kaffe og bollar på dei vaksne og gløgg til ungane. Grendalaget har også gjort avtale med nissen, og han har lova å ta ein tur, så kanskje vankar det ei lita førjulsoverrasking?


Aukande smitte i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. november 2021

I ei pressemelding frå kommuneoverlegen no i føremiddag, får vi informasjon om aukande smitte og vidareføring av lokal forskrift. Onsdag 24.november vart det påvist 9 nye smittetilfelle i Surnadal. Det er eit høgt tal, men venta, etter at personane hadde testa positivt på hurtigtestar tidlegere i veka.


Stille natt i Ranes kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. november 2021

Onsdag 1. desember klokka 19:00 inviterer Tordenskjold songlag til førjulstund saman med Oddgeir Bruaset i Ranes kyrkje. Her vil Oddgeir Bruaset fortelje historia bak dei mest kjente julesongane våre, før Tordenskjold songlag syng dei. Tordenskjod gler seg til endeleg å få synge julesongar att, og lover ei koseleg førjulstund for dei som kjem til Ranes kyrkje den 1. desember. 


To nye positive PCR-testar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Kommuneoverlegen fekk seint i går kveld melding om to nye positive PCR-testar i Surnadal.Det eine smittetilfellet er ei kvinne tilsett i skuleverket, som er smitta gjennom kjent smitteveg frå Trondheim.Det andre smittetilfellet er ein mannleg handverkar som er smitta i forlenginga av utbrotet i Midtigrenda barnnehage.


Felles middag på kyrkjelydshuset i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Onsdag 1. desember inviterer kyrkja i Surnadal til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Middagen blir servert mellom klokka 16:00 – 16:45. Så er du lei av ofte å måtte ete middag åleine, er det triveleg å kunne ete middag saman med nokon fleire av og til? For travle småbarnsfamiliar er det av og til godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå! Dette vil kyrkja i Surnadal no gjere noko med, og inviterer difor til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei


Nytt Surnadals-magasin på veg i posten

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Vi har motteke ei pressemelding frå Amfi Kreativ, som fortel at eit nytt vintermagasin for Surnadal er på veg til postkassane rundt omkring i distriktet.


«Julegatelotteri»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. november 2021

Todalen Grendalag arrangerer i år «Julegatelotteri». Kvart lodd kostar kroner 50,-, og da er du med i trekninga av 10 fine gevinstar gjeve av lokalt næringsliv. Lodd kjøper du ved å vippse til 568828 (Todalen Grendalag), hugs å skrive namnet på den lodda skal skrivast på i meldingsfeltet når du vippsar. Det blir og sal av lodd under sjølve julegatetenninga søndag 28. november. Meir informasjon om julegatetenninga kjem torsdag 25., så følg med!


«Bøy og tøy» med Pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. november 2021

Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 25. november klokka 11:00, til ny «Bøy og tøy» i Meierisalen på Landbrukshuset. Det er fysioterapeut Oda som rettleier på torsdagens «Bøy og tøy». Det gjer godt med litt bøying og tøying no før jul. Etterpå blir det kaffe og sosialt samvær for den som vil. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. november 2021

Fredag 26. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det igjen ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mykje godt å få kjøpt, både grovbrød og kaffebrød. 


Bra respons på Nordvik Grendalag sin digitale basar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. november 2021

Nordvik Grendalag fekk god respons på sin digitale basar. Totalt vart det selde grendalaget 650 lodd. I dag var det trekning i den digitale basaren, og alle gevinstane vil bli delt ut til vinnarane. Styret i Nordvik Grendalag takkar alle som har kjøpt lodd og støtta grendalaget.  Trekningslista ser du nedanfor: eller her som pdf-fil: […]


Ytterlegare tre nærkontaktar i Midtigrenda bekrefta smitta

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 20. november 2021

Smitteutbrotet i Midtigrenda barnehage med forgreining til Surnadal barne- og ungdomsskule. Tre nærkontaktar til ein smitta person i Midtigrenda barnehage har i kveld, som forventa, fått bekrefta smitte med positivt svar på PCR-test.