Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegatetenning på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. november 2021

Søndag 28. november, frå klokka 18:00, er det tenning av, den etterkvart tradisjonelle, julegata til Todalen Grendalag mellom Matkroken Todalen og Talgø. Tenninga av julegata går føre seg utanfor Matkroken Todalen. Det blir sal av lodd i Grendalaget sitt «Julegatelotteri», som har trekning seinare søndag kveld. Grendalaget spanderer kaffe og bollar på dei vaksne og gløgg til ungane. Grendalaget har også gjort avtale med nissen, og han har lova å ta ein tur, så kanskje vankar det ei lita førjulsoverrasking?

Todalen Grendalag håper at folk vil kjøpe lodd i «Julegatelotteriet» deira, noko ein kan gjere via vipps fram til søndag ettermiddag, eller under sjølve julegatetenninga. Kvart lodd i «Julegatelotteriet» kostar kroner 50,-, og da er du med i trekninga av 10 fine gevinstar, gjeve av lokalt næringsliv. Lodd kjøper du ved å vippse til 568828 (Todalen Grendalag), hugs å skrive namnet på den lodda skal skrivast på i meldingsfeltet når du vippsar. Inntekta frå «Julegatelotteriet» går til drift og vedlikehald av julegata.  

Gevinstane i «Julegatelotteriet» er gjeve av:

Todalen Grendalag ønskjer alle velkomne på julegatetenning!


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 26. november 2021, 06:00 - Sist oppdatert: 25. november 2021, 21:36