Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt Surnadals-magasin på veg i posten

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Vi har motteke ei pressemelding frå Amfi Kreativ, som fortel at eit nytt vintermagasin for Surnadal er på veg til postkassane rundt omkring i distriktet.

Denne gongen er det tema vinteraktiviteter i Surnadal, toppturer, randonee i Todalen og ellers mykje godt lesestoff både no før jul og utover vinteren.

Stig Husby i Amfi Kreativ fortel at mange kjem til å kjenne att fleire lokale personar, både frå Todalen og ellers i kommunen.

Saman med Surnadal kommune og Surnadal Næringsforening har vi laga eit rikhaldig magasin, der både lokale bedrifter og lag og foreninger får spalteplass, fortel Stig.

Amfi Kreativ gler seg til å gi ut eit nytt Surnadals-magasin. Dei inviterer samtidig både nye og gamle kunder innom lokalene sine i Alti-senteret i Surnadal. Foto: Lediard Foto AS.

Det er slett ingen sjølvfølge at vi klarer å gi ut eit flott magasin her i Surnadal, og vi i redaksjonen ønsker å takke det lokale næringslivet som stiller opp som annonsører, gong etter gong.

Utan dei lokale bedriftene hadde det ikkje vore mogleg å realisert desse produksjonane, seier Stig.

Magasinet gis ut i 15.000 eksemplar og har distribusjon til Surnadal, Heim, Rindal, Orkland, Sunndal, Tingvoll, Aure og Smøla. Det betyr at Surnadals-bedriftene får vist seg fram på beste måte for eit stort omland.

I tillegg får vi markedsført Surnadal og mange av dei tilboda vi har her i kommunen, fortel Stig.

Amfi Kreativ ønsker også å takke fotograf Nathan Lediard for flotte bilete nok ein gong.

No håper vi at alle kjem i skikkeleg vinterstemning, og at magasinet får ei lang levetid heil til snøen forsvinn, avslutter Stig Husby frå Amfi Kreativ.

For dei som ikkje får magasinet i posten, kan det lesast ved å trykke på lenka: Surnadals-magasinet vinter 2021/22


Medlem i Todalen.no  – 


 

Publisert: 24. november 2021, 06:00