Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

To nye positive PCR-testar

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Kommuneoverlegen fekk seint i går kveld melding om to nye positive PCR-testar i Surnadal.Det eine smittetilfellet er ei kvinne tilsett i skuleverket, som er smitta gjennom kjent smitteveg frå Trondheim.Det andre smittetilfellet er ein mannleg handverkar som er smitta i forlenginga av utbrotet i Midtigrenda barnnehage.

Båe hadde testa positivt på hurtigtest og var i ventekarantene da PCR- testresultatet vart kjent. Det er kontroll på vidare forgrening av smitten.

Totalt er det per i dag påvist 14 personar med bekrefta smitte gjennom PCR-testar i Surnadal kommune, så langt i november. 

Råd om å begrense besøksreiser til Trondheim

Sidan kommunen no opplever fleire samtidige importsmittetilfelle frå Trondheim, vil kommunen oppmoda om å begrense besøksreiser til og frå Trondheim.


Medlem i Todalen.no  – 


 

Publisert: 24. november 2021, 11:45