Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.


Surnadal JFF kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) kallar inn til årsmøte måndag 24. februar klokka 19:30 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Vanlege årsmøtesaker. I tillegg blir det oppfølging av sak om vedtektsendringar og kontingentsatsar vedtekne av landsmøtet i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) i 2021.   


Minner om volleyball i morgon kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Todalen Idrettslag minner om volleyball i morgon kveld i gymsalen på Todalen skule klokka 20:00. Det er felles garderobe og ikkje høve til å dusje etter volleyballen. Oda Halle i Todalen Idrettslag håper mange møter opp og blir med på volleyball!


Vekestatus for koronasituasjonen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

I dag var det eit ekstraordinært Formannskapsmøte i Surnadal kommune, for å diskutere vidare lokal forskrift for smitteverntiltak. Kommuneoverlege Bjørn Buan ville gå lengre enn politikarane og ville forlenge forskrifta til godt ut i februar, men Formannskapet vedtok til slutt samrøystes førebels å forlenge den lokale forskrifta berre ut januar. Dette inneber at barnehagar og skular framleis vil vere på gult beredskapsnivå, noko som inneber at elevane må ta hurtigtest kvar veke. Surnadal vidaregåande skule er flytta over på grønt beredskapsnivå. 


Trim i Meirerisalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

Torsdag 27. januar kokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen. 


I.L. Søya kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. januar 2022

Idrettslaget Søya kallar inn til årsmøte måndag 28. februar klokka 19:30 i klubbhuset på Søyabanen. Dei inviterer alle sine medlemmer til årsmøtet i idrettslaget. 


Ny sjølvbetent hentestad for hurtigtestar til innbyggarane i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. januar 2022

Frå og med i dag, kan du hente deg hurtigtest i gangen på Familiens Hus (same inngang som Helsestasjonen ved kommunehuset) mellom kl. 09.00 – 16.00. Dette opplyser Surnadal kommune i ei pressemelding no i ettermiddag. Det ligg også informasjon om dette på Surnadal kommune si heimeside: surnadal.kommune.no


Tøffe trimmarar trossa snøføyke og covid19!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. januar 2022

I dag hadde Surnadal Pensjonistlag årets første trim i Meierisalen på Landbrukshuset. Sjølv om det var dårleg føre med snø og vind, møtte den «harde kjerne» opp for å vere med på ei trimøkt og sosialt samvær. Surnadal Pensjonistlag har vore så heldige å få med seg fysioterapeut Oda som instruktør på torsdagar utover etterjulsvinteren. 


Informasjon frå Todalen I.L.

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. januar 2022

Todalen Idrettslag hadde måndag kveld styremøte. Idrettslaget har, som resten av samfunnet, vore nødt til å tilpassa drifta si til koronasituasjonen som har vore, og som framleis gjeld. Styret ser no at det, i tråd med gjeldande smittevernreglar, er mogleg å opne tilbod som har vore stengt ei stund. 


Tore Renberg til Surnadal bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. januar 2022

Surnadal bibliotek inviterer, i samarbeid med Litteraturhus Møre og Romsdal, til forfattartreff med Tore Renberg tysdag 1. februar klokka 19:00 i kinosalen på Surnadal kulturhus. Litteraturhus i Møre og Romsdal bidreg til at litteraturtilbod blir tilgjengelege for alle i fylket, og er eit samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen og Nynorsk kultursentrum. Målet er å gje folk i heile Møre og Romsdal fylke gode litteraturopplevingar. Prosjektet gjeld førebels for perioden 2021 – 2023. 


Gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 23.

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Søndag 23. januar klokken 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Cathrine Grutle, medan Bernt G. Bøe er organist denne søndagen. Takkoffer til Misjonsprosjektet, som har vippsnummer 506908. 


Surnadal kulturhus fyller 20 år i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Det er i dag akkurat 20 år sia Surnadal kulturhus på Skei vart offisielt opna. Jubileet vil bli markert seinare i vinter, da ein forhåpentleg opplever ein meir «arrangement-venleg» periode. Kulturstyret la inn kulturhus i sitt langtidsbudsjett allereie i 1987, men det skulle gå lang tid før endeleg vedtak om bygging vart fatta. Kommunestyret gjekk i desember 1998 inn for bygging av kulturhus med ei kostnadsramme på 51 millionar kroner. 


Digital SuSu:Arena 15. februar 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Tysdag 15. februar inviterer SuSu-KOF til digital SuSu:Arena. Dette vil vere ein arena der elevar frå dei videregåande skulane, vaksenopplæringane og elvar frå 10. klasse ved ungdsomsskulane kan delta på digitale stands. Det blir altså ein digital karrieredag.
På dei digitale standane vil det vere utdanningsinstitusjonar frå regionen, opplæringskontora og næringslivet frå Surnadal, Sunndal og Tingvoll kommunar, seier prosjektleiar Kim Stian Bråstad.
For å gjennomføre karrieredagen brukar vi ei plattform som heiter «Myonvent», som er tilrettelagt for denne typen arrangement.