Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny sjølvbetent hentestad for hurtigtestar til innbyggarane i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. januar 2022

Frå og med i dag, kan du hente deg hurtigtest i gangen på Familiens Hus (same inngang som Helsestasjonen ved kommunehuset) mellom kl. 09.00 – 16.00. Dette opplyser Surnadal kommune i ei pressemelding no i ettermiddag. Det ligg også informasjon om dette på Surnadal kommune si heimeside: surnadal.kommune.no

Innafor døra står det ei tralle som vi fyller opp kvar dag. For at kommunen ikkje skal gå tomme for hurtigtestar, er det viktig at du berre hentar det du treng. Kommunen får tilsendt hurtigtestar veke for veke. 

Barn i barnehage og skuleelevar får utdelt hurtigtestar frå barnehagen eller skulen og treng ikkje hente her.

Surnadal kommune ønskjer å unngå henting av hurtigtestar av publikum for deltaking på større arrangement. Ved slike høve ber dei om at du tek kontakt med kommunen for råd. 

Smittevern ved sjølvbetening i Familiens Hus

Her er det mange som ferdast til dagleg. Bruk difor munnbind og sprit hendene godt ved henting av hurtigtest. Er du sjuk ber dei om at andre hentar for deg.

 


Medlem i Todalen.no


 

Publisert: 20. januar 2022, 15:32