Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kulturhus fyller 20 år i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. januar 2022

Det er i dag akkurat 20 år sia Surnadal kulturhus på Skei vart offisielt opna. Jubileet vil bli markert seinare i vinter, da ein forhåpentleg opplever ein meir «arrangement-venleg» periode. Kulturstyret la inn kulturhus i sitt langtidsbudsjett allereie i 1987, men det skulle gå lang tid før endeleg vedtak om bygging vart fatta. Kommunestyret gjekk i desember 1998 inn for bygging av kulturhus med ei kostnadsramme på 51 millionar kroner. 

Arbeidet med å bygge Surnadal kulturhus tok til våren 2000, og ein kom i mål med ein byggekostnad på 51,7 millionar kroner, som må kunne kallast å treffe blink.

Det vart ei «snikopning» av kinoen i julehøgtida 2001.

Men skikkeleg høgtid vart det så absolutt 18. januar 2002, da huset vart offisielt opna av Sonja Sjøli, leiar av kulturkomiteen på Stortinget.

Nokre aviser ligg fritt tilgjengeleg på nb.no, av dei TK (ikkje Driva enno, dessverre). Her er lenka til kva dei skreiv den gongen: www.nb.no

Publisert: 18. januar 2022, 14:29