Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vekestatus for koronasituasjonen i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. januar 2022

I dag var det eit ekstraordinært Formannskapsmøte i Surnadal kommune, for å diskutere vidare lokal forskrift for smitteverntiltak. Kommuneoverlege Bjørn Buan ville gå lengre enn politikarane og ville forlenge forskrifta til godt ut i februar, men Formannskapet vedtok til slutt samrøystes førebels å forlenge den lokale forskrifta berre ut januar. Dette inneber at barnehagar og skular framleis vil vere på gult beredskapsnivå, noko som inneber at elevane må ta hurtigtest kvar veke. Surnadal vidaregåande skule er flytta over på grønt beredskapsnivå. 

Smittesituasjonen i Surnadal kommune

I si vekentlege statusoppdatering for smittesituasjonen i Surnadal kommune seier kommuneoverlege Buan dette: 

– I Surnadal kommune aukar smitten mest i aldersgruppene 10 – 40 år, hos skulebarn og unge vaksne. Sist veke fekk kommunen melding om 12 nye bekrefta smittetilfelle, i tillegg til eit om lag like stort antal positive hurtigtestar.

Vedtak om vidareføring av gult nivå:

– Som tidlegare nemnt vart det i dagens ekstraordinært formannskapsmøte samrøystes vedteke å vidareføre gult beredskapsnivå i barnehagar, grunnskular og vaksenopplæring i Surnadal kommune. Dette vedtaket gjeld frå og med tyrsdag 25. januar 2022 kl 00.00 til måndag 31. januar 2022 kl 24.00.

Endra testrutiner

– Helsedirektoratet har no endra tidlegare anbefalte rutiner der alle positive sjølvtestar skulle bekreftast med PCR-test. Framover vil positiv sjølvtest bli likestilt med positiv PCR-test for dei aller fleste over 16 år, med visse unntak.

Desse er ikkje lenger anbefalt PCR-test:

– Dersom du har fått ei tredje dose koronavaksine eller du har fått to doser med koronavaksine og i tillegg har hatt covid-19 i løpet av dei siste tre månadene, treng du ikkje lenger å bekrefte ein positiv sjølvtest med PCR-test. Ein positiv sjølvtest vil heretter gi deg status som smitta.

Desse er framleis anbefalt PCR-test:

– Personar som av medisinske årsakar treng å få stilt diagnose, barn under 16 år, og uvaksinerte/ delvaksinerte som treng koronasertifikat, er framleis anbefalt PCR-test.

Ved press på kommunal testkapasitet vil barn under 16 år og personar i kontakt med helsetenester bli prioritert PCR-test.

Varslingsrutiner du må følgje ved positiv sjølvtest:

– Det er framleis isoleringsplikt og varslingsplikt ved smitte med covid-19.

– Helsedirektoratet har bede kommunane om å ta i bruk digital meldingsløysing der innbyggarane sjølve kan logge seg inn med ID-porten og melde frå om positiv hurtigtest.

– Surnadal kommune brukar det godkjende systemet ReMin og vil om kort tid legge ut ei lenke på kommunens nettsider for dette formålet. ReMin er like enkelt å bruke som c19, som dei fleste kjenner til frå bestilling av koronavaksine eller koronatest.

– Nye varslingsrutiner betyr ikkje at smitta personar blir overlatne til seg sjølve. Kommunane har framleis plikt til å rapportere inn antal smitta personar med covid-19 kvar veke og vi vil framleis drive smittesporing og følgje opp dei som er smitta.

– Fram til vi har etablert og testa ut nye rutiner for varsling om positiv test, skal alle som får ein positiv sjølvtest framleis kontakte kommunehelsetenesta på telefon, slik vi har praktisert.

– Personar som ikkje er digitale brukarar vil også framover kunne varsle over telefon. Føresette må også, som før, varsle på vegne av barn under 16 år.

Nytt frå koronavaksineringa

– Så langt er 3642 personar vaksinerte med oppfriskingsdose. Vi er no godt over halvvegs med denne vaksineringa av aldersgruppa 18 – 44 år. Oppslutninga er like høg som for før, og vi ser også særs god oppslutning frå 18- åringane. Det er sett opp vaksineringsdagar den 4., 11. og 18. februar.

– Vi minner om at føresette som ønskjer å ta i mot tilbod om tilpassa koronavaksine til barn 5 – 11 år utan alvorleg grunnsjukdom og dose 1 eller 2 til ungdom 12 – 15 år, tek kontakt med vaksineringa på e-post eller vaksinetelefon.

– Vi har tidlegare gått ut med informasjon om dette vaksinetilbodet som du kan lese meir om på kommunens nettsider. Føresette eller ungdom som har spørsmål eller treng råd om tilbodet om utvida vaksinering, må gjerne ta kontakt.  

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 24. januar 2022, 17:24