Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Informasjon frå Todalen I.L.

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. januar 2022

Todalen Idrettslag hadde måndag kveld styremøte. Idrettslaget har, som resten av samfunnet, vore nødt til å tilpassa drifta si til koronasituasjonen som har vore, og som framleis gjeld. Styret ser no at det, i tråd med gjeldande smittevernreglar, er mogleg å opne tilbod som har vore stengt ei stund. 

Hett & Svett opnar måndag

Hett & Svett. Foto: B G Ansnes

Hett & Svett opnar dørene att frå og med måndag 24. januar. Maksimalt tre personar kan trene samtidig og alle treningsapparata må vaskast etter bruk. Dette er i tråd med gjeldande smittevernreglar, og det er viktig at desse blir følgde. 

Volleyball i gymsalen

Volleyball i gymsalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Frå og med tysdag 25. januar klokka 20:00, og kvar tysdag framover, vil det bli volleyball i gymsalen på Todalen skule. Det vil framleis ikkje vere høve til å dusje og det er felles garderobe. 

Årsmøtet blir 17. mars

Årsmøtet i Todalen idrettslag blir gjennomført i Todalen ungdomshus torsdag 17. mars. Formell innkalling til årsmøtet vil bli kunngjort her på Todalen.no i første halvdel av februar. 

Todalsdagen blir 2. juli

Dronebilete frå Todalsdagen 2021.

Årets Todalsdag blir arrangert på Bordholmen stadion laurdag 2. juli. Her blir det mellom anna fotballcup for dei yngste og «Ræta opp» og sal av grillmat. Meir informasjon om dagen kjem etter kvart som dagen nærmar seg. Dette er 30. gongen Todalsdagen blir arrangert etter starten i 1993.  

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 19. januar 2022, 07:32