Søya/Todalen – Tingvoll G10
I kveld spela Søya/Todalen G10 heimekamp mot Tingvoll på Bordholmen stadion. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med det beste vêret å spele fotball i, så var det bra med tilskodarar på kampen.
Vi fann 2403 artiklar i dette arkivet.
I kveld spela Søya/Todalen G10 heimekamp mot Tingvoll på Bordholmen stadion. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med det beste vêret å spele fotball i, så var det bra med tilskodarar på kampen.
Surnadal Arbeiderparti kallar inn til ekstraordinært årsmøte onsdag 29. juni klokka 19:30, i kantina på Surnadal sjukeheim. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort onsdag den 22. juni her på Todalen.no.
Pinsa er ikkje «den glømte høgtida» i Stangvik – slik den påståeleg er andre stader. Søndag er det fellesgudsteneste i pakt med tradisjonen. Dei seks kyrkjesokna i Stangvik, Surnadal og Rindal set kvarandre stemne. Og enno knyter gamle band også ålvundfjordingane til si tidlegare kyrkje.
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Hennafjellet i nabokommunen Heim. – Og turen til Hennafjellet vart ein Skatur!, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
I morgon, 1. juni, arrangerer Svinviks arboret «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa.
I morgon er det den 1. juni, og dermed første sommardag. Også i år vil Frivilligsentralen i Surnadal invitere barn og unge til ulike sommeraktivitetar. Nedanfor finn du ein oversikt over planlagte aktivitetar og lenker for påmelding og meir informasjon:
Torsdag 2. juni klokka 11:00 går Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Todalen for å gå langs Toåa. Parkering på Bruset. Derifrå går turen oppover langs Toåa til hengebrua i Brusetmarka.
Også i år har Surnadal Jeger og Fiskerforening fått invitasjon frå Ellinor Fugelsnes til ein dag med opplæring i laksefiske i Advokaten. Dette skjer laurdag 11. juni frå klokka 14:00 – 20:00. Da stiller Surnadal JFF med instruktørar og utstyr, mat og drikke, og alt dette er gratis for deltakarane.
Fredag 3. juni, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit for å kose seg med i pinsehelga.
Onsdag 1. juni klokka 18:00 er det fotballkamp mellom Søya/Todalen – Tingvoll G10 på Bordholmen stadion. Det blir open kiosk med sal av brus, kaffe, bakels med graut og andre forfriskingar.
Servicetekniker Jack Morstøl frå Sportsmaster AS i Tønsberg var i dag på Heitt og Sveitt for å ta ein grundig service på treningsapparata. – Dei aller fleste apparata er innkjøpt frå same firma, og med såpass mykje bruk av treningsrommet til idrettslaget, er vedlikehald på utstyrsparken våre eit must for lang levetid, seier leiar Elinor Bolme i Todalen Idrettslag.
No er det komme enda ein attraksjon i Toåa Tursti. Ragnhild er ein ihuga todalspatriot, og ivrar for at kunnskap om bygda når fram til kommande generasjonar og andre interesserte. I den anledning kom det ein førespurnad om det kunne opprettast eit pop-up-bibliotek i gapahuken i Båthølen. Her kan alle som fer innom, no finne eit og anna å lese i.