Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lunsjvandring i arboretet i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. juni 2022

Onsdag 29. juni, arrangerer Svinviks arboret nok ei «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa. Svinviks arboret kan også freiste med fotoutstillinga «Store lille verden» som Jõrg Brunke akkurat no har i den gamle billettbua i arboretet. 

Det er framleis fin blomstring på rododendron å få sjå.

Billettpris for lunsjvandringa er kroner 75,-. 

Svinviks arboret kan elles lokke med følgande aktivitetar i sommar:

  • 8. juli: Utekonsert med vokalgruppa AD UNDAS klokka 19:00.

 


Todalen.no –


 

Publisert: 28. juni 2022, 12:03