Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongavslutning for Fjellgruppa

Anne V. Einum Torsdag 30. juni 2022

Siste tur før ferien gjekk i dag, 30. juni, til Vardfjellet. Vi starta opp frå Øygarden, øvst i Bøverdalen, i ca. 25 plussgrader og med skyfri himmel.

Opp frå Øygarden. Foto: Anne V. Einum

Så det vart ein roleg tur med fleire drikkepausar på oss alle 24! Terrenget var fint og lett å gå i.

Bøverdalen og Trollheimen bak oss. Foto: Anne V. Einum

På toppen, 659 m.o.h. var det eit vidstrakt syn over Trollheimen, Bøverdalsfjella og fjella mot aust og vest.

På rekke og rad opp mot Vardfjellet. Foto: Anne V. Einum

Under matpausen på Vardfjelltoppen fekk vi nyte synet av ei rypemor med kjuklingar like nedafor oss.

Drikkepause med utsikt. Foto: Anne V. Einum

Heldig for oss at det i den intense varmen vart ein behageleg bris i oppå fjellet!

Straks på toppen 695 moh. Foto: Anne V. Einum

Nede att ved Øygarden takka vi for trivelege turar i lag, og vi vart samde om at vi startar opp att først i august.

Start på nedturen. Foto: Anne V. Einum

GOD SOMMAR!

Publisert: 30. juni 2022, 22:59