Artig med «hockeykveld»
I kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «hockeykveld» på Bordholmen stadion. Mange frå den «yngre garde» møtte opp for å spele ishockey på ein nypreparert og fin ishockeybane.
Vi fann 2473 artiklar i dette arkivet.
I kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «hockeykveld» på Bordholmen stadion. Mange frå den «yngre garde» møtte opp for å spele ishockey på ein nypreparert og fin ishockeybane.
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «hockeykveld» på Bordholmen stadion i kveld frå klokka er 17:30. Dette fordi det ikkje heilt optimale forhold for «barn i løypa», og fordi det no er nypreparert is på Bordholmen.
Styret i Surnadal kallar inn til årsmøte tysdag 24. januar klokka 19:30 i kommunestyresalen på Surnadal kommunehus. Vanlege årsmøtesaker. Det blir servering og kaffe.
Styret i Surnadal Arbeiderparti kallar inn til årsmøte torsdag 16. februar klokka 19:00 på Thon hotel Surnadal. Vanlege årsmøtesaker. Saker som ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg på e-post til olav.bergheim868@gmail.com innan torsdag 2. februar.
Harald Røen, ein av dei som køyrer tråkkemaskin i Strengenløypene, melder at det no er kjempefine forhold for å ta seg ein skitur i løypene til Strengenløypene. Så er det nokon som har lyst på ein skitur i løpet av helga så er det altså fine forhold for det i Strengenløypene.
Seniorfilmklubben held fram med sine filmframsyningar, og onsdag 18. jaunuar klokka 12:00 viser dei filmen «1917» – ein film du aldri har sett makan til!
Torsdag 19. januar klokka 19:00 inviterer kyrkja i Rindal og Surnadal til «inspirasjonssamling» på kyrkjelydshuset på Skei. Dit kjem Øyvind Ulland Eriksen frå Det norske misjonsselskap.
«Tjuandedag-Knut driv jula ut», heitte det frå gamalt av. Opphavet for «knutsdagen» var drapen på den danske prinsen Knut Lavard, som vart drepen 7. januar i 1131. Etter at han døydde fekk han helgenstatus. «Knutsdagen» 7. januar var i fleire hundre år den første kvardagen etter julefeiringa, men frå rundt 1680 vart «knutsdagen» flytta til den 13. januar, altså tjuandedag jul, og markerer den offisielle slutten på julefeiringa.
Det har i lengre tid, og spesielt i vinter, vore mykje snakk om at det er straumkrise i Norge. Det har også vore snakk om å innføre rasjonering på straum i deler av landet, men dette ser det ut til at det ikkje blir noko av, i alle fall ikkje denne vinteren. Men Norge treng meir straum for å dekke det framtidige straumbehov.
Dei siste dagane med mildvêr har gjort at det no er ein del isklumpar, som med jamne mellomrom, dett ned i vegbanen utover stranda og mellom Svinvika og Nordvik. Somme av isklumpane blir liggande slik at dei er til hinder når ein møter andre bilar, og dei kan vere vanskeleg å få augo på når ein møter andre bilar.
Surnadal kommune melder at du no kan «hoppe på» og bestille koronavaksinering eller influensavaksinering til fredag 13. januar. Influensavaksina kostar 265,- kroner, og her er det «først til mølla prinsippet» tsom gjeld, opplyser kommunen.
Todalen Idrettslag inviterer til volleyball i gymsalen på Todalen skule i kveld, tysdag 10. januar, klokka 20:00. Så har du lyst til å vere med å spele litt volleyball framover vinteren, så må du ta turen til gymsalen no i kveld!