Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sjå opp for isklumpar i vegbanen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. januar 2023

Dei siste dagane med mildvêr har gjort at det no er ein del isklumpar, som med jamne mellomrom, dett ned i vegbanen utover stranda og mellom Svinvika og Nordvik. Somme av isklumpane blir liggande slik at dei er til hinder når ein møter andre bilar, og dei kan vere vanskeleg å få augo på når ein møter andre bilar.

Tipsaren vår oppfordrar alle til å stoppe opp og flytte eventuelle isklumpane ut av vegbaen, da dei ikkje er så tunge og er ganske lette å flytte. Dette for å unngå farlege trafikkale situasjonar. 

Det er framleis ein del is på oversida av vegen som framleis ikkje har falle ned, så det er grunn til å vere merksam på dette i dagane framover.  

Publisert: 12. januar 2023, 08:10