Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svorka og Småkraft bygger tre nye småkraftverk

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. januar 2023

Det har i lengre tid, og spesielt i vinter, vore mykje snakk om at det er straumkrise i Norge. Det har også vore snakk om å innføre rasjonering på straum i deler av landet, men dette ser det ut til at det ikkje blir noko av, i alle fall ikkje denne vinteren. Men Norge treng meir straum for å dekke det framtidige straumbehov. 

For å kunne produsere meir straum, har vårt lokale straumselskap, Svorka, som eigd av kommunane Surnadal, Heim og Rindal saman med Møre og Romsdal fylkeskommune, har difor etablert eit nytt selskap kalla Svorka Småkraft. Svorka Småkraft er eig av Svorka og Småkraft. Det er no bestemt at det nye selskapet skal bygge tre nye småkraftverk, for på den måten å møte framtidas straumbehov.

Dei tre småkraftverka Svorka Småkraft skal bygge, er Setergrytå kraftverk i Surnadal og Øvre og Nedre Skorilla i Heim kommune.

Når småkraftverka er i drift, vil dei kunne produsere straum tilsvarande forbruket til 1200 husstandar.


Om Svorka Småkraft:

Svorka Småkraft AS er et nytt selskap og nytt samarbeid mellom Småkraft og Svorka. Småkraft eier 65 % og Svorka 35 %. Formålet er mer kraftverksbygging og kraftproduksjon lokalt. Der Småkraft har spisskompetanse og svært god kompetanse på bygging, drift og vedlikehold fra 220 småkraftverk, har Svorka inngående lokalkunnskap og lang erfaring fra drift av kraftverk.


Du kan lese meir om saka her

Publisert: 12. januar 2023, 13:55