Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Artig med «hockeykveld»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 17. januar 2023

I kveld inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «hockeykveld» på Bordholmen stadion. Mange frå den «yngre garde» møtte opp for å spele ishockey på ein nypreparert og fin ishockeybane. 

Full innsats. Foto: B G Ansnes

Sjølv om gradestokken viste plussgrader, så var det ein kald trekk på Bordholmen i kveld, men dette såg det ikkje ut til at spelarane la spesielt merke til, da det var full innsats heile tida, men somme av tilskodarane hakka kanskje litt tenner før bålpanna tok til å varme skikkeleg?

Populært med ishockey. Foto: B G Ansnes

Etter ei økt på godt over ein time, med full innsats, servert Barne- og ungdomsgruppa grilla pølser i brød og saft, og sidan det var plussgrader, så vart det is til dessert! 

Snart er pølsene klare! Foto: Finn Ranes

Da får vi sjå om det blir forhold for å starte opp med «barn i løypa» neste tysdag, eller om det blir ishockey da også? Ishockeybanen er ein populær plass, der dei unge møtes også når det ikkje er organisert aktivitet der, så den blir mykje bruka så lenge det er is der. 

Stor innsats på velpreparert is! Foto: Finn Ranes

Publisert: 17. januar 2023, 20:53