Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Tjuandedag-Knut driv jula ut»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. januar 2023

«Tjuandedag-Knut driv jula ut», heitte det frå gamalt av. Opphavet for «knutsdagen» var drapen på den danske prinsen Knut Lavard, som vart drepen 7. januar i 1131. Etter at han døydde fekk han helgenstatus. «Knutsdagen» 7. januar var i fleire hundre år den første kvardagen etter julefeiringa, men frå rundt 1680 vart «knutsdagen» flytta til den 13. januar, altså tjuandedag jul, og markerer den offisielle slutten på julefeiringa. 

Litt snø måtte bort før nedrigginga kunne ta til. Foto: B G Ansnes

I kveld vart difor julegata til Todalen bøgdalag, mellom Matkroken Todalen og Talgø, teken ned. Sju personar frå bøgdalaget og andre møtte opp og rigga ned att julegata, som vart tent 27. november i fjor.

Første treet er sløkt og klart for nedrigging. Foto: B G Ansnes

Gjengen som riggar opp og ned att julegata begynner å bli ganske rutinerte i dette arbeidet, så sjølve nedrigginga var unnagjort på litt over tre kvarter. Etterpå spanderte handelsmann Nordvik, som vanleg, kake og kaffe i kaffekroken på Matkroken. 

Da er nedrigginga snart fullført. Foto: B G Ansnes

Da blir det litt småreparasjonar og kontroll av lys og rekvisita, før planlegginga til neste julegatetenning tek til. 

 

Publisert: 12. januar 2023, 21:25