Stavgangarane tek turen til Øygardshalsen
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 6. oktober klokka 11:00 til stavgangtur til Øygardshalsen. Oppmøte på og parkering ved I.L. Søya sitt klubbhus ved Vang skisenter.
Vi fann 3674 artiklar i dette arkivet.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 6. oktober klokka 11:00 til stavgangtur til Øygardshalsen. Oppmøte på og parkering ved I.L. Søya sitt klubbhus ved Vang skisenter.
Det er spørsmålet Britt May Hollås, fylkesleder NKS Møre og Romsdal, og Malin Stensønes, generalsekretær i Norske Kvinners Sanitetsforening stiller i eit presseskriv vi har fått no i dag. Bakgrunnen for presseskrivet er «Sanitetens uke 2022» og å løfte fram frivilligheita sin viktige rolle i samfunnsberedskapen, i forkant av framlegginga av årets statsbudsjett.
Todalen Idrettslag sin trimapp «På tur i Todalen», som vart intordusert 1. oktober 2021, har vore ein stor suksess. 175 registrerte brukarar har registrert godt over 13500 registreringar «trimåret 2021/22» som blir avslutta ved midnatt no i dag. Med bakgrunn i dette har Todalen Idrettslag bestemt seg for å vidareføre trimpoengappen også for perioden 1. oktober 2022 – 30. september 2023.
Ordførar i Surnadal kommune, Margrethe Svinvik, offentleggjorde i dag, på sin eigen Facebookprofil, at ho ikkje stiller som ordførarkandidat for Surnadal Senterparti til kommunevalet neste haust.
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin siste tur denne sesongen, da 28 spreke pensjonistar tok turen til Gråfjellet. Turen starta frå Nordvik, der dei køyrde bomvegen oppover til Nordviksetra. Derifrå guida Ingrid og Jan Nordvik turfølget vidare i lett, tørt og fint terreng etter den gamle turstien som går til Sula.
Torsdag 29. september inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Bøkeskogen i Stangvik. Oppmøte på parkeringsplassen ved Svisshomen klokka 11:00.
Da er siste bøssa frå årets Demensaksjon komen inn og talt opp. Surnadal demensforening og helselag og Åsgard helselag er særs godt nøgd med eit topp resultat for årets Demensaksjon. Dei to helselaga i kommunen har samla inn til saman kroner 119.522,- under årets aksjon.
Sykkeltrimmarane i Todalen avslutta sesongen i går kveld, der sesongens siste «ritt» gjekk til Nordvik. «Turen gikk til Nordvik via gammelvegen og kammen/Brenna/Snøya», fortel Terje Nordvik.
Sol og landvind, nydeleg turområde og stort turfølge; betre kan det nesten ikkje bli på Kløvertur ein måndag sist i september!
Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for fjerde kvartal 2022 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Fjerde kvartal strekker seg frå 1. oktober – 31. desember. Tømmekalenderen for første kvartal 2023, vil bli lagt inn siste halvdel av desember månad.
Fredag 30. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen. Lia gard feirar samtidig at inngangspartiet er pussa opp, ved å trekke ut ein heldig vinnar, av dei som førehandsbestiller innan onsdag, som får 5 skulebollar!
I går tok Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangen sin ved elva Søya. Det var 27 pensjonistar som gjekk elvepromenaden langs elva Søya.