Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang langs Søya

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. september 2022

I går tok Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangen sin ved elva Søya. Det var 27 pensjonistar som gjekk elvepromenaden langs elva Søya. 

Flomsikring av elva Søya vart gjennomført siste halvdel av 1980-talet. Foto: Svein Tjelle

«Turen gikk frå Tretta til  Kvendbø, tur og retur, vegen var og grei for dei som hadde rullator», fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa. 

Elva Søya. Foto: Svein Tjelle

«Oddvar ga oss ei orientering om den tida da elva flauma over dalen i perioder med stor nedbør og at det no, etter reguleringa, er fint jordbruksareal», fortel han vidare. 

På tur over Søya. Foto: Svein Tjelle

«Da vi hadde kafferast fikk vi nokre regndropar på nista vår», avsluttar Svein Tjelle i Fjellgruppa.

Fint, sjølv med rullator, langs elva Søya. Foto: Svein Tjelle

Fleire bilete frå gårsdagens tur, kan du sjå nedanfor:

Publisert: 23. september 2022, 10:49