Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa sesongavslutta med tur til Gråfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. september 2022

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin siste tur denne sesongen, da 28 spreke pensjonistar tok turen til Gråfjellet. Turen starta frå Nordvik, der dei køyrde bomvegen oppover til Nordviksetra. Derifrå guida Ingrid og Jan Nordvik turfølget vidare i lett, tørt og fint terreng etter den gamle turstien som går til Sula.

Nyter utsiktet like ovafor Nordviksetra. Foto: Anne V. Einum

«Vi snudde oss stadig for å nyte det flotte utsynet over fjord og fjell!», fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.

Ved Suloppkommet som aldri vert tomt. Foto: Anne V. Einum

«Ein god stopp vart det ved Suloppkommet, der mange tok seg ein rein og forfriskande slurk vatn. Litt lenger opp kom vi til eit vegskille, som viste sti til Sula og til Gråfjellet», fortel ho vidare. 

I ly for vinden. Foto: Anne V. Einum

«Stien austover mot Gråfjellet var lett, tørr og slak. Men så vart vi overraska av ein skikkeleg stri og kald austavind. Difor vart turen litt amputert. Vi søkte ly i steinura under Gråfjellet, der vi tok matpausen vår. Så vart det ein runde litt austover og rundt eit lite vatn før turen gjekk nedover mot Nordviksetra, der vi fekk eit overraskande og triveleg møte med ein geiteflokk», seier ho. 

Alle fann seg ein lun plass. Foto: Anne V. Einum

Turen vart avslutta med ende ein hyggeleg kafferast ved hytta til Ingrid og Jan Nordvik.

Ein ekstra runde for å sjå bygda. Foto: Anne V. Einum

«Vi takkar for ein riktig god tursesong, og så møtest vi att til våren! Og så håpar vi på ein triveleg avsutningskveld på Todalshytta, onsdag 5. okt. kl. 19.00!», avsluttar Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

Dette må no vel vere premiegeit. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå gårsdagens tur ser du nedanfor: 

Publisert: 28. september 2022, 06:31