Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny «trimsesong» startar i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. september 2022

Todalen Idrettslag sin trimapp «På tur i Todalen»som vart intordusert 1. oktober 2021, har vore ein stor suksess. 175 registrerte brukarar har registrert godt over 13500 registreringar «trimåret 2021/22» som blir avslutta ved midnatt no i dag. Med bakgrunn i dette har Todalen Idrettslag bestemt seg for å vidareføre trimpoengappen også for perioden 1. oktober 2022 – 30. september 2023.

Frå og med i morgon tidleg, startar ein altså opp med blanke ark. Da må ein først passe på å finne rett konkurranse i menyen oppe til venstre. Finn «På tur i Todalen 22/23» og trykk på Bli med. Da er ein klar til å begynne å registrere trimturar for det nye «trimåret»!

Det blir nokre små justeringar i årets utgåve av «På tur i Todalen». Det blir framleis 25 trimpostar, men to av årets trimpostar går ut, medan to nye kjem inn. Fosstrøinn og Kleiva i Brusetlia går ut, medan Kjippå (i Romålia) og Todalshaugsetra kjem inn som nye trimpostar. Det blir også gjort ei lita endring til, nemleg at det no må gå 12 timar mellom kvar innsjekk, mot 8 timar tidlegare.

Det er premiering for:

  • Flest turar
  • Flest turmål
  • Uttrekking av deltakarar

Høgtidleg utdeling av premiane for trimåret 2021/22 vil skje på Todalen Idrettslag sin basar i Todalen ungdomshus søndag 6. november.

Appen lastar du ned i App Store (Iphone) og i Google Play for android. Rettleiing for nedlasting.

Skulle du ha behov for hjelp med å bruke laste ned eller bruke appen, kan du kontakte Elinor Bolme på telefon 901 96 268, eller e-post elinor.bolme@gmail.com.

Da står det berre att å ønske alle saman god tur!

Publisert: 30. september 2022, 09:00