Sykkeltrimmarane sesongavslutta i går kveld
Sykkeltrimmarane i Todalen avslutta sesongen i går kveld, der sesongens siste «ritt» gjekk til Nordvik. «Turen gikk til Nordvik via gammelvegen og kammen/Brenna/Snøya», fortel Terje Nordvik.
Vi fann 3631 artiklar i dette arkivet.
Sykkeltrimmarane i Todalen avslutta sesongen i går kveld, der sesongens siste «ritt» gjekk til Nordvik. «Turen gikk til Nordvik via gammelvegen og kammen/Brenna/Snøya», fortel Terje Nordvik.
Sol og landvind, nydeleg turområde og stort turfølge; betre kan det nesten ikkje bli på Kløvertur ein måndag sist i september!
Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for fjerde kvartal 2022 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Fjerde kvartal strekker seg frå 1. oktober – 31. desember. Tømmekalenderen for første kvartal 2023, vil bli lagt inn siste halvdel av desember månad.
Fredag 30. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen. Lia gard feirar samtidig at inngangspartiet er pussa opp, ved å trekke ut ein heldig vinnar, av dei som førehandsbestiller innan onsdag, som får 5 skulebollar!
I går tok Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangen sin ved elva Søya. Det var 27 pensjonistar som gjekk elvepromenaden langs elva Søya.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til sesongens siste fjelltur tysdag 27. september. Den siste turen, i år, går til Gråfjellet. Møt opp på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 9:30 for samkøyring til Nordvik og bomvegen opp til Nordviksetrene.
Styret i Surnadal Arbeiderparti inviterer sine medlemmer til medlemsmøte onsdag 28. september klokka 19:00 – 21:00 på møterommet bak kantina på Surnadal sjukeheim. Tema for medlemsmøtet er innspel til partiprogrammet for perioden 2023 – 2027.
Sist tysdag regna Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin planlagde tur til Blåfjellet bort, men i går spela vêrgudane på lag med Fjellgruppa og varta opp med fint haustvêr. Atten spreke og motiverte turgåarar vart med til Blåfjellet i Heim kommune.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» onsdag 28. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Torsdag 22. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur langs Søya. «Ta av vegen ned mot elva, ved Tretta gård», seier Svein Tjelle i Stavganggruppa. «Parkering ved elva», legg han til.
På grunn av flaumen har Dalavegen vore stengt ved Vassosen. Til tider var det 70-80 cm vatn forbi Vassosen og like ens i Hesthagan og på Dalagjeret. No er det i ferd med å bli normale tilstandar, og Surnadal kommune har opna vegen innover til Kårvatn for trafikk, fortel Gudmund Kårvatn til Todalen.no. Det var […]
Det ser ut til å være litt lenger tid mellom regnbygen, og kanskje ikkje så intens regn lenger no i formiddagstimane. Det er da også signala frå Yr.no, sjølv om dei framleis melder mykje reg både for laurdag og søndag. På Kårvatn går elva over alle gjer, og parkeringsplassen og gardstunet står under vatn no i føremiddag. Men det er på langt nær slik som under storfleumen i 2003, fortel Gudmund Kårvatn. Den gongen stod vatnet ca 70 cm høgare enn det gjør i dag. Vegen står under vatn ved Vassonsen og på Dalagjerdet – Surnadal kommune har difor stengt Dalavegen på strekninga mellom Vassosen og Kårvatn inntil vidare. Butikken på Kårvatn er også stengt, men nettbutikken er sjølvsagt open, seier Gudmund.