Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vangsgutane forlengst på plass i butikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. november 2022

Vangsgutane for 2022 er forlengst komne på plass i butikkane.   Årets hefte har 36 sider med artige forteljinger med lokalt tilsnitt – handlinga i Vangsgutane har framleis si handling i Todalen og som vanleg finn Steinar, Kåre og Larris på nokre sprell.  I år hanlar den nye delen om romfartseventyret på Vangen. I den nye delen er det Kjartan Helleve som fortel og Ivan Andreassen som teiknar.  

Kva er det som skjer på Vangen? Vangsgutane og Larris følgjer spent med på tildraginga. Teikning Ivan Andreassen

Halvparten av heftet er i år, som tidlegare år reprise frå ein eldre årgang. Den er henta frå årgangen 1956, der Leif Halse fortel og Jens R. Nilssen som teiknar.  Som vanleg får vi eit kjært gjensyn med Vangsgutane Steinar og Kåre, Larris, Sterk-Ola, Sigrid Vangen og resten av gjengen i Vangsgutane.  

Fornøyelege forteljingar som det er vel verdt å bruke 67 kroner på – og Vangsgutane får du kjøpt i mange butikkar, både lokalt og nasjonalt.  

Marknadsdagar i Ungdomshuset – er det forløparen til Todalshelga? Teikning Ivan Andreassen

Halve heftet er reprise frå 1956-årgangen og har original e tekstar og teiningar etter Leif Halse og Jens R. Nilssen.

Publisert: 16. november 2022, 19:05