Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nikolai Søyset Hopland med sitt først Eliteseriemål

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. november 2022

Nikolai Søyset Hopland (18), som er sonen til Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, scora sitt første Eliteseriemål i det 64. speleminutt, og vart med det matchvinnar i kveldens kamp mot Lillestrøm på Color Line stadion i Ålesund. Sluttres vart 2 – 1 til Ålesund. 

– Det var godt å få ei scoring «rett veg», seier Hopland, som sist helg, var uheldig og sette ballen i eige mål, i kampen mot Kristiansund BK. 

Så vidt vi har funne ut, så er dette første gongen, sidan 1989, at ein fotballspelar, med nære «slektsband» i Todalen, har scora på øvste nivå i norsk fotball, sidan todalingen Ola Einar Øyen, frå Brubakken i Øyagrenda, i 1989, scora fire mål for fotballklubben Mjølner frå Narvik. Øyen spela for Mjølner sesongen 1989, da Mjølner spela sin, hittil, einaste sesong på øvste nivå i Norge. 

 

Først publisert: 6. november 2022, 21:00 - Sist oppdatert: 7. november 2022, 08:54