Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du ledig husrom til flyktningar?

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. november 2022

Det spørsmålet stiller Surnadal kommune. Bakgrunnen er at kommunen no tek imot personar som er tvinga på flukt frå krig og uro i heimlandet sitt rundt om i verda, men spesielt frå Ukraina.

Surnadal kommune har difor stor pågang om bolig til flyktningar og treng fleire bustadar til desse. Med bustad meiner kommunen, eit rom, ei leilegheit, eit hus eller ein fritidsbustad/hytte.

Registrer ledig husrom

Dersom du har ein bustad eller husrom å tilby for utleige, ber Surnadal kommune deg om å fylle ut registreringsskjemaet under. Kommunen tek kontakt med alle som registrerer bustad eller husrom, og vil gjere ei vurdering av om bustaden eller husrommet kan vere aktuell til føremålet.

Registrer ledig husrom

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 17. november 2022, 18:13