Sesongens første «Barn i løypa»
I kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa rapporterer om strålande forhold for å gå på ski i lysløypa.
Vi fann 3518 artiklar i dette arkivet.
I kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa rapporterer om strålande forhold for å gå på ski i lysløypa.
Fergetrafikken på rute 1061: Kvanne – Rykkjem er innstilt fram til klokka 07:30. Grunnen til innstillinga er høg sjø ved Rykkjem fergekai, noko som gjer det særs vanskeleg å legge til der. Også rute 1072 Halsa – Kanestraum var innstilt fram til klokka 06:30 på grunn av høg sjø.
Fredag 3. februar, mellom klokka 12:00 – 17:00, kan Liagard endeleg inviterer bakeriutsal att. Odin har denne gongen teke på seg «spanderbrokja» og kan lokke med ein «giveaway», der han gjev bort sunne og gode varer til ein heldig vinner. Vinaren blir trekt ut blant dei som førehandsbestiller innan onnsdag 1. februar klokka 18:00.
Surnadal kino kan veka som kjem lokke både med «godteposar» på lerretet og frå kiosken! Seniorfilmklubben inviterer til noko heilt fabelaktig, og Surnadal kino «krydrar» resten av veka med krutsterke opplevingar.
Styret i Surnadal SV kallar inn til årsmøte på Surnadal videregåande skule søndag 5. februar klokka 13:00. Vanlege årsmøtesaker. Dette opplyser sekretær i Surnadal SV, Inger Johanne Iversen.
No på laurdag og søndag er det klart for «Hagefugltellingen 2023» Da er nemleg spørsmålet kor mange fuglar du ser i hagen din i løpet av dei to dagane? Det er Birdlife Norge som arrangerer «Hagefugltellingen 2023», og alle som matar fuglar ved bustaden eller på hytta blir oppfordra til å delta.
Saknar du å prate med andre om bøkene du les? Da kan du no bli med i Surnadal bibliotek sin «lesesirkel». Her kan du dele leseglede og leseopplevinga med andre. Ein les same bok, men kvar for seg — og samtalar om boka på «lesesirkel»-treffet, over ein kopp kaffe eller te.
Motiv med både fire og to føter, himmelfenomen og spegelblank fjord er noko av det som kan oppsummere året 2022. Det er klart for å gå til avstemming for årets bilete!
Torsdag 26. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort her på Todalen.no 7. mars.
Torsdag 19. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Før jul fekk Surnadal kommune og Frivilligsentralen eit brev frå Møre og Romsdal Fylkeskommune. I brevet stod det at dei fekk 21.000 kroner til utdeling blant kommunen sine innbyggarar, som treng det mest i jula. Da Surnadal Sanitetsforening allereie var i gang med si utdeling, valde dei å venta til etter jul, da januar også kan vere ein særs vanskeleg månad for mange.