Gudsteneste i Todalen kyrkje på søndag
Sønndag 16. juli klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Bjørn Hovde og organist er Magnhild Frydenlund Brøske.
Vi fann 3672 artiklar i dette arkivet.
Sønndag 16. juli klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til gudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Bjørn Hovde og organist er Magnhild Frydenlund Brøske.
I haust er det kommune- og flkestingsval, og Surnadal kommune kjem no med litt inforasjon om førehandsrøysting og anna informasjon i samband med valet 11. september. I perioden frå 10. august til og med 8. september kan du førehandsrøyste i Surnadal kommune. Førehandsrøystinga foregår på Surnadal kulturhus. På sjølve valdagen, 11. september kan du sjølv velje kvar du vil røyste, altså sjølv velje det røystelokalet du sjølv vil i kommunen.
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for juli og august 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for september og oktober, vil bli lagt inn i starten av september månad.
I morgon, søndag 9. juli klokka 12:00 – 16:00, er det igjen open kafe hos Slettneset steinovnsbakeri. Her blir det sal av kaffe og nystekt bakst, så da er det berre å ta turen til Slettneset for å ta søndags-kaffen saman med andre.
«Kjøkkensjefen» på Skihytta, Knut Halset, inviterer alle som har lyst til å kome til Skihytta på Ørsal-fjellet komande laurdag, 8. juli. Da vil han fyre opp vaffelpressa og servere gratis bakels, graut og kaffe. – Kafeteriaen er open frå 11:00 til 14:00 denne dagen – og alle er velkomne!
No er trekningslista for TILs jubileumslotteri klar. Salet av lodd i jubileumlotteriet har pågått dei siste vekene og det er nok mange som hadde stor forhåpning og var spente på trekninga som skulle skje under Todalsdagen. Det vart selt lodd for over 28.000 og trekninga gikk føre seg på Bordholmen laurdag ettermiddag. Bla om og […]
I dag gjekk starten på fjelløpet Xreid, som var er 135 kilometer og med ein total høgdeforskjell på 5400 meter i Storlidalen. Xreid Trollheimen hadde start klokka 12:00 og målgang på Oppdal ut på morgonkvisten i morgon. Litt før 15:30 passerte dei første løparane Kårvatn check point. Det er 233 startande pluss 15 lag (minimum 2 som spring saman).
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i dag turen sin til Kårvatn og Nauståfossen. – Fossen var mektig og ville vise seg til fram til dei 21 som var med på tur idag, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Laurdag første 1. juli er det duka for Todalsdagen 2023. Det er i år 30 år sidan den første Todalsdagen vart arrangert tilbake i 1993, noko Todalen Idrettslag markerer med eit stort «Jubileumslotteri» med ti fine gevinstar frå lokale bedrifter.
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongens siste fjelltur, ogdenne gongen gjekk til Steinløa attom Svarrafjellet, sett frå Surnadal. – Alldeles rett turver etter sprengvarmen, så stemninga var god, kunne Kristian Ranes i Fjellgruppa rapportere etter turen.
I forkant av Todalsdagen 1. juli, arrangerer Todalen Idrettslag dugnad på anlegget på Bordholmen stadion torsdag 29. juni klokka 18:00, for å gjere anlegget klart til Todalsdagen. Det er anlegget utandørs som skal klargjerast, så ta med høveleg reiskap.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til ny stavgangtur torsdag 29. juni klokka 11:00. Denne gongen går turen til Kårvatn og Nauståfossen.