Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Xreid Trollheimen 2023 passerte Kårvatn

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juni 2023

I dag gjekk starten på fjelløpet Xreid, som var er 135 kilometer og med ein total høgdeforskjell på 5400 meter i Storlidalen. Xreid Trollheimen hadde start klokka 12:00 og målgang på Oppdal ut på morgonkvisten i morgon. Litt før 15:30 passerte dei første løparane Kårvatn check point. Det er 233 startande pluss 15 lag (minimum 2 som spring saman). 

Løypa for Xreid Trollheimen.

Xreid vart første gong arrangert i 2013, og X-en står for 10, noko som betyr at dette er siste året dette løpet blir arrangert. Løpet har vore arrangert mange plassar rundt om i Norge tidlegare, men i år er altså siste år. 

Passering på Tresteinane. Foto: Kjetil Sogge

Xreid er eit løp der det ikkje er merka løype, så deltakarane må bruke kart eller GPS for å finne den kortaste ruta ruta sjølv. Det er to matstasjonar under vegs, der deltakarane får litt påfyll av mat og drikke, noko som heilt sikkert kjem godt med på den lange turen mot mål. Løparane hadde også lov til å ha med seg sekk med eigen mat og drikke. 

Halvor Drøpping og Steinar Aarvåg, båe frå Trollheimen Fjellsportklubb passerer på Kårvatn. Da er det att «berre rund 10 mil. Foto: Gudmund Kårvatn

Meir info om Xreid på Trollheim Fjellsportklubb si Facebookside

Halvor Drøpping, Veronica Aasgård, Anders Melling og Steinar Aarvåg er lokale deltakarar i løpet. 

Check point Kårvatn. Foto: Gudmund Kårvatn

Følg Xreid Trollheimen

Publisert: 30. juni 2023, 17:38