Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dugnad på Bordholmen torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. juni 2023

I forkant av Todalsdagen 1. juli, arrangerer Todalen Idrettslag dugnad på anlegget på Bordholmen stadion torsdag 29. juni klokka 18:00, for å gjere anlegget klart til Todalsdagen. Det er anlegget utandørs som skal klargjerast, så ta med høveleg reiskap. 

Etter at nokon har tømt noko av eit pulverapparat inne i klubbhuset, må heile klubbhuset vaskast ned før og ryddast før Todalsdagen. – Reingjeringsarbeidet er det Polygon som tek seg av, men det blir ein kamp mot klokka for å bli ferdige, seier leiar i Todalen IL, Elinor Bolme.

Kjenner eg todalingane og dugnadsånda rett, så skal vi saman greie også denne utfordringa og få klargjort klubbhuset til Todalsdagen!, legg ho til.

I kveld klokka 18:00 blir det dugnad for å ta ut alt inventar og utstyr i klubbhuset for å klargjere for nedvasking i morgon tidleg, så om nokon føler seg kalla er det berre å møte opp!


Først publisert: 27. juni 2023, 15:03 - Sist oppdatert: 28. juni 2023, 19:43