Bakeriutsal hos Lia gard fredag
Fredag 28. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til 1. mai.
Vi fann 3546 artiklar i dette arkivet.
Fredag 28. april, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til 1. mai.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. april klokka 16:30. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Surnadal Hornmusikk inviterte til jubileumskonsert i Todalen ungdomshus laurdag 22. april, Hornmusikken fylte heile 125 år i 2021! Men da vart det koronapandemi og avlysing. I ordtaket heiter det at «den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves», og slik var det med kveldens konsert! Hornmusikken leverte ein feiande flott konsert til stor glede for publikum som var både imponert og storfornøgde.
Under Vårsøghelga laurdag 27. mai klokka 13:00, inviterer Vårsøghelga til «boksøg» med Guri Sørumgård Botheim, leia av Svein Sæter. Dette er eit arrangement i samarbeid med Møre og Romsdal forfattarlag, og det blir musikalsk innslag ved Sigurd Brørs.
Surnadal Pensjonistlag inviterer til vårens siste trim i Trudvang torsdag 20. april klokka 11:00 – 12:00. Dei har også den siste trimøkta fått med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Kulturavdelinga i Surnadal kommune orienterer om dei forskjellege tilskotsordningar dei har til kultur og idrett det komande året, som har søknadsfrist søndag 30. april. .
Surnadal Skytterlag og Surnadal Jeger og Fiskerforening inviterer til våpenkveld på Angråmyra skytebane torsdag 20 april klokka 19:00.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 17. april. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00 . Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Påska markerer slutten for vinterens Stikk UT!-sesong, og i årets innspurt vart heile 22 000 turmål registrert. 10 000 turgåarar har deltatt på Stikk UT! Vinter i år, og totalt er nesten 150 000 turar registrert i årets sesong.
Da er påskeferien over, og Torsdag 13. april klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fortsatt med seg fysioterapeut Eline til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Todalen hjorteviltområde og Todalen ungdomshus inviterer onsdag 12. april klokka 19:00 til «Viltkveld» med Rolv Langvatn i Todalen ungdomshus. Langevatn har valt å kalle foredraget sitt «Et halvt århundre i norsk hjorteforskning og forvaltning – noen trekk fra utviklingen».
Ei lita solskinshistorie frå skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra i går. Ella Bruset, 10 år frå Lørenskog, med mamma fra Todalen, selde i går, under skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra, bilete til inntekt for Redd Barna i Ukraina.