Strikkekaffe laurdag
Laurdag mellom 14 og 17 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er første treff etter jul, og damene håper at trufaste og nye kjem til eit sosialt treffpunkt denne laurdagen.
Vi fann 3530 artiklar i dette arkivet.
Laurdag mellom 14 og 17 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er første treff etter jul, og damene håper at trufaste og nye kjem til eit sosialt treffpunkt denne laurdagen.
John Moe ansvarlig i Ungdomshuset melder om at det står att eit skolettpar etter 3. dagsfesta i romjla. Er dei dine, er det berre å ta kontakt med han. Ellers er den tidlegare omtala kåpa til Torill Halset framleis ikkje komme heimatt til eigarmannen enda.
Måndag var det feiring av 96-årsdag på Stangvik aldersheim. – Margrete Hals er født på midtvintersdagen 12. januar i 1919, og kunne dermed feire 96-årsdag saman med venner og tidlegare kollegaer i dag. Dei fleste av oss kjenner nok Margrete frå Halsbua, der ho hadde mange år attafor disken.
Førstkommande laurdag arrangerer IL Søya Sonerenn på Vang. Sonerennet går i klassisk stil, og både ung og gammel oppfordres til å stille. Påmelding gjerast ved å sende ein sms til Torill Bye – 932 55 282.
I kveld er det full rulle for alle i alle aldrar i gymsalen ved Todalen Skule igjen. Det er fortsatt sesong for inne-aktivitetar, og Knut Bergli opplyser at dei fortsett med det populære tilbudet på måndagar.
Vi er over på nytt år, og det er tid for å finne siste månadens bilete for 2014. Her har vi funnet frem en del fine kandidater som du kan stemme på. Dette blir siste kandidat til avstemning til årets bilete 2014 som vi setter i gang avstemninga på så snart denne er ferdig.
Surnadal senterparti slapp i dag si nyheit om kven dei har som sin ordførarkandidat til valget 2105. Leiar i nominasjonskomiteen, Bergsvein Brøske kunne fortelje på dagens pressekonferanse at dei har jobba knallhardt det siste halvåret og fekk det slik dei ville til slutt med Margrete Svinvik som partiets førstekandidat.
TrondheimSolistene kjem som vanleg til Surnadal kulturhus for å halda nyttårskonsert. I år er datoen sett til laurdag 10. januar kl 19.00. Med si speleglede og uhøgtidelege stil har surnadalspublikumet vorte meir og meir begeistra for dette besøket.
Vi har no oppdatert aktivitetskalenderen med det vi så langt veit skjer framover. Det betyr at du finn søppeltømming, kulturhusaktivitetar og diverse småting attåt som vi har fanga opp og sett i system.
Surnadal Alpinsenter varsler desverre om midlertidig stenging frå og med i dag 1. januar grunna dårlege forhold i bakken. I går var siste åpningsdag før veret forhåpentlig vis tek til vettet og forbedrar seg slik at det blir full aktivitet i Sæterlia igjen.
Arrangørane av 3. dagsfesten i Ungdomshuset har fått ein henvendelse av ei som saknar si mørke grå kåpe med glidelås. Den var ikkje i garderoben da ho skulle heim i går kveld.
Surnadal Alpinsenter melder i kveld om at anlegget endeleg er klart for åpning i morgon kl 11.00. Mange har i løpet av dei siste dagane allerede ordna seg med heiskort, slik at det berre er å sette utfor når heisen startar på føremiddagen i morgon.