Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Norway Cup dag 6; med tap i bronsefinalen

Elinor Bolme Fredag 31. juli 2015

Kun eit lag er att i sluttspelet i Norway Cup. Surnadal sitt J19 7’er lag har no i morgontimane spela semifinale mot Lunner/Harestua.  Eitt sterkt Lunner/Harestua leda 3-0 til pause. Trass mykkje betre spel i andre omgang av Surnadal vart resultatet til slutt 2-5. Målscorarar var Johanne Bruset og Anna Fivelstad.

Dermed får jentene spele bronsefinale mot Furuflaten IL kl 15.15 i dag, og sjansane til medalje er fortsatt til stades.

Dessverre for jentene går det i Furuflatens veg i bronsefinalen. Dei får leiinga etter 10 minutt ved eit sjølmål av Surnadal, og går opp ytterlegare med 2-0 til pause. Trass gode periodar av jentene fekk motstandarane inn fire mål til i andre omgang og sluttresultatet endar derfor 0-6 til Furuflaten. G19 Surnadal ender dermed på 4. plass i si pulje under årets Norway Cup. Ein god prestasjon å sjå tilbake på for jentene og støtteaparatet, når skuffelsen har fått senka seg litt.

Foto: Heid Snekvik (lagleder)

Publisert: 31. juli 2015, 10:47