Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3680 artiklar i dette arkivet.


Populært datakurs

Elinor Bolme Torsdag 2. februar 2017

Frå Steinar Hsselø ved Surnadal bibliotek har vi fått tilsend ein liten status frå det populære datakurset som pågår i regi Pensjonistlaget. Eit vellykka kurs som dei eldre har vist å benytte seg av, med 30 påmeldte og to ulike grupper.


Trenar verda rundt, frå Surnadal

Elinor Bolme Måndag 30. januar 2017

Ein skulle kanskje tru at golf er ein sesongbetont sport. I Surnadal er ikkje dette tilfelle då det i Surnadal er ein moderne golfsimulator frå 2008 som er godt besøkt av ivrige golfarar no når det er litt «off season» på golfbanen på Kvanne. Simulatoren er lokalisert på Landbrukshuset på Skei og det er firmaet Bjarne Schei AS med dagleg leiar Bjørn Schei, Surnadal Golfklubb og fleire medlemmar av Surnadal Golfklubb som er hovedaksjonærar.


Innkalling til årsmøte i Surnadal Golfklubb

Elinor Bolme Fredag 27. januar 2017

Også Surnadal Golfklubb, vårt aller nyaste medlem her på todalen.no kallar no inn sin emedlemmar til sitt årsmøte den 20. februar på Thon Hotel Vårsøg. Innkomne saker må sendast til leiar Oddvar Væge (oddvar@svorka.net) innan den 8. februar.


Årsmøte Surnadal Arbeiderparti

Elinor Bolme Torsdag 19. januar 2017

Surnadal Arbeiderparti avheld sitt årsmøte tirsdag 14. februar kl19 på kantina på Surnadal sjukeheim. Det er vanlege årsmøtesaker og enkel servering Vel møtt. Styret


Stem på Årets bilete 2016

Ole Petter Talgø Måndag 16. januar 2017

Då er tida kome for å stemma fram det beste bilete for 2016. No er det straks sju år siden vi starta med å stemma fram månadens bilete, og sju og eit halvt år siden vi byrja å leggja ut bilete vi får inn dagleg. Det betyr at vi no har eit arkiv på meir enn 2600 bilete.

Dagens bilete er eit av dei mest populære innslaga på Todalen.no, noko vi tykkjer er stas då det er noko alle våre lesarar bidreg med. Vi er heilt avhengige av å få inn bilete til dette, og er glade for å kunne trekke fram nokre av dei vi tykkjer er dei beste kvar månad og gjere litt ekstra stas på dei.


Fleirkulturelle samlingar

Elinor Bolme Måndag 16. januar 2017

Frå kyrkjekontoret på Skei har vi fått ei oversikt over aktivitetar dei skal ha for seg første halvår av 2017. Bibelgruppene er kl. 12-14 og strikkekafé kl. 15-17 på kyrkjelydshuset på Skei.                                                                                      For meir informasjon ring kyrkjekontoret på tlf. 71 65 70 60 eller direkte til diakon Aud Brynhild Indset på tlf. 90 10 93 […]


Pensjonistlaget sin møtekalender

Elinor Bolme Fredag 13. januar 2017

Surnadal Pensjonistlag har melder om oppstart av sitt første medlemsmøte på nyåret no førstkommande tirsdag
17. januar kl 15.00 på sjukeheimen. På møte agendaen står orientering, quiz, song, servering og loddsal. Styret ønsker alle sine medlemmer vel møtt!


Nytt år og nye filmar

Elinor Bolme Fredag 13. januar 2017

100-åringen har vorte 101, og Marcus og Martinus kjem i filmversjon. Dette er berre litt av det som skjer på Surnadal kino i januar.


Månadens bilete: Blåtimen

Ole Petter Talgø Torsdag 12. januar 2017

Årets siste månadens bilete blei «Blåtimen» av Ingrid Kvendset, av eit velkjent og populært motiv. Det blei ei jamn avstemning med god deltaking, men vinnarbiletet fekk 10-20 stemmer meir enn dei tre nest mest populære. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Dette betyr at vi har funne alle kandidatene til […]


Kva skjer???

Elinor Bolme Tysdag 10. januar 2017

Redaksjonen oppfordrer alle medlemmane av todalen.no til å sende inn sine arrangement til vår aktivitetskalender. Alle våre medlemmer har fri tilgang til å få lagt inn sine ulike aktiviteter her, men redaksjonen må leggje det inn for den enkelte forening eller bedrift som skal ha for seg noko som våre lesarar kan ha interesse av. Send […]


Skade på brukaret på Brusetbrua…

Jon Olav Ørsal Måndag 9. januar 2017

På Brusetsia av Brusetbrua er det ein skade på brukaret, der noko av fyllinga har rasa ut, og rekkverket henger i lause lufta. Det ser ikkje ut som det er nokon umiddelbar fare for meir skade, og skadestaden er godt merka av Mesta.


Næringslivsdag med innhaldsrikt program

Elinor Bolme Sundag 8. januar 2017

For 14. år på rad er det no den 17. januar igjen klart for Surnadal Sparebank sin Næringslivsdag. Ein dag som etter kvart har vorte til ein regional møteplass for næringslivaktørar og andre interesserte i vårt omland. Allerede no er det 200 påmeldte fortel Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank.