Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Næringslivsdag med innhaldsrikt program

Elinor Bolme Sundag 8. januar 2017

For 14. år på rad er det no den 17. januar igjen klart for Surnadal Sparebank sin Næringslivsdag. Ein dag som etter kvart har vorte til ein regional møteplass for næringslivaktørar og andre interesserte i vårt omland. Allerede no er det 200 påmeldte fortel Liv Dalsegg i Surnadal Sparebank, men Storstua i Surnadal kulturhus har plass til enno fleire, så det er berre å melde seg på!

Programmet er innhaldsrikt, frå lokale aktørar som Jan Erik Glåmen frå Halsa og Kristin Waagen i verdenskjente Tingvollost, til sjølvaste Hans Wilhelm Steinfeldt;  journalisten, historikaren, forfattaren og programleiaren. Sjå program med presentasjon av alle aktørane her: Næringslivsdagen 2017

Har du ikkje meldt deg på enda er linken her: Påmelding Surnadal Sparebank næringslivsdag

 

Publisert: 8. januar 2017, 11:25