Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt år og nye filmar

Elinor Bolme Fredag 13. januar 2017

Etter at skogmus og stjernekrigarar dominerte desembermånaden på Surnadal kino, vil det bli vist sju nye filmar i januar. To er allerede unnagjort, men fem står att. To av dei er amerikanske filmar, men begge er regissert av nordmenn. Science-fiction-filmen «Passengers» (9 år) er laga av Morten Tyldum, som tidlegare har gjort «Hodejegerne» og «The Imitation Game». Det er kjente Jennifer Lawrence («Hunger Games» m.fl.) og Chris Pratt som har dei største rollene.

«The Autopsy of Jane Doe» (15 år) er ein skrekkfilm laga av André Øvredal, tidlegare mest kjent som regissør av «Trolljegeren». Ei ikkje-identifisert kvinne («Jane Doe») blir funne drepen i ein småby. Under obduksjonen finn dei skadar på kroppen som minner om slike som hekser vart utsett for.

Den store filmen for i alle fall mange av dei yngre blir «M&M – Sammen om drømmen». Det er ein dokumentarfilm om dei to tvillingane Marcus og Martinus som ikkje berre har hatt ein eventyrleg suksess her til lands, men også i våre naboland. Vi får følgje med dei to frå da popkarrieren deira tok av tidleg i 2015, til dei fyller opp Oslo Spektrum for eit par månader sia

 

Publisert: 13. januar 2017, 05:36