Full dekning gjennom heile tunnelen
Montørar frå TC Connect har i dag oppgradert til full radiodekning med DAB+ gjennom Svinviktunellen. Så om du har ein oppdatert DAB-radio i bilen din, er det no sending gjennom heile tunnelen.
Vi fann 3666 artiklar i dette arkivet.
Montørar frå TC Connect har i dag oppgradert til full radiodekning med DAB+ gjennom Svinviktunellen. Så om du har ein oppdatert DAB-radio i bilen din, er det no sending gjennom heile tunnelen.
I kveld var Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag samla på Surnadal ungdomsskule for å gjennomgå skolering som MOT-ambasadørar i nysatsinga MOT i fritid. Surnadal kommune har i fleire år vore ein MOT-kommune, men kun på ungdomsskulearenaen. No har dei utvida MOT-avtalen med ei 3-årig avtale saman med MOT-koordinatorane Eva Sæterbø og Laila Sollid. Kommunen utfordra Surnadal IL med konseptet, og damelaget i fotball vart eit naturleg valg i det vidare arbeidet.
Påmeldinga til tidlegare nemnte jegerprøvekurs i regi Surnadal jeger og fiskeforening nærmar seg. Oppstart 3. april kl 18.00 ved Surnadal vidaregåande skule. Det blir til saman 9 samlingar, inkludert på helg. Sjå heile programmet her.
Toril Redalen fra Todalen vart som einaste kunsthandverkar i Midt-Norge i går tildelt Statens Kunstnerstipend, arbeidsstipend med maksimal periode på 5 år. På landsbasis vart berre 12 kunsthandverkarar tildelt eit slikt arbeidsstipend. Kun 3 av desse fekk tildeling på 5 år.
BarneTeatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus tirsdag 28. mars med ein leiken vri på ein av dei store klassikerne, mest med tanke på de yngste. Vi har gratisbillettar om du klarer eit lite spørsmål…
I dag har todalen.no vore på lufta i 2772 dagar. Vel 7 år og 7 månader. Da vi starta nettsataden var eit av måla å ha noko nytt på heimesida kvar einaste dag. Da fann vi ut at eit nytt «dagens bilete» var ei fin løysing. Problemet kom berre til å få nok bilder å publisere, trudde vi. Der viser det seg no at vi tok feil. Våre lesarar har vore fenomenale til å sende inn bidrag av smått og stort, og vi har aldri gått heilt tom. Enno.
Det har vore spesielt mykje som har foregått på kulturhuset i dei siste fire vekene. Men det er berre halve sanninga; det er «alltid» mange innom Surnadal kulturhus. Totalt er det stipulert eit besøk på 12684 i den siste månaden på kulturhuset.
I tråd med vedtak i hovedutval for helse og omsorg 16. mars 2017 blir eit forslag til forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim for Surnadal kommune lagt ut til høyring i perioden 24. mars – 5. mai 2017.
Surnadal jeger og fiskeforening inviterer no til ein ny runde med jegerprøvekurs. Det vil bli oppstart 3. april kl 18.00 ved Surnadal vidaregåande skule. Det blir til saman 9 samlingar, inkludert på helg. Endelig program blir tilsendt når dette er klart.
Menigheitene i Surnadal, Rindal og Halsa har bruk for ungdommar mellom 16 og 22 år til sommerleirene på Gråhaugen fjellstue og Vaulen i veke 26 og 30-32.
I morgon er det tid for årsmøte i Todalen.no. Det skjer i Todalen ungdomshus kl 19.3o. Medlemmar i form av bedrifter, lag og organisasjonar og støttemedlemmar som har tegna personleg medlemskap er hjerteleg velkomne. Og så klart alle andre som ønsker å følgje med på kva som har rørt seg på nettportalen det siste året.
Klypa og Kjell «Kjellen» Bigset ladar kanonene, og sprengjer ut eit splitter nytt humorshow, og ankjem Surnadal kulturhus fredag 17. mars. Med Kjellen i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet.