Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny påskekrim er klar

Elinor Bolme Måndag 10. april 2017

Også i år er vi så heldige å ha fått tilsendt ein underhaldande påskekrim frå ordkunstnar Guro Redalen. Handlinga lagt til L. Hals med handelsmann Nordvik som fyk i mellom reolane meda han ventar på at sola går ned i Kjerringholet og påskehandelen eksploderer.

Takk til Guro som etter oppfordring frå oss år etter år leverer desse underhaldande påskekrimmane. I år har ho til og med lese inn krimmen i seks delar som vi publiserer saman med historiene, første del på onsdag.

Ein liten smakebit:

Frk. Bladfyk, påskekrimløysar 2015 og 2016, er på åstaden der ein bunke med Vangsgutane med byrjinga på ei kjærleikshistorie mellom Sterk-Ola Bakken og Sigrid Vangen er røva. Vil Kåre og Steinar godta Ola som stefar? Og korleis går det med plakatskrivinga til Handelsmann Nordvik? Påskesola breia seg utover dalen der elva går i foss og sving. På Øverskaret i Romålia var det perfekte fotoforhold. Årets bilete-vinnar 2011, 2012 og 2014 skoda utover dalen. I fotolinsa kunne han sjå at Temperaturmålar Bruset var ute å sjekka grasplena. Vidare kunne han sjå at på kjøkkenet til Soknerådsmedlem Bruset sto bakelsjarnet i. Burde han ikkje sjekke den bakelsplata snart? Den hadde steikt opptil fleire minutt. 

Først publisert: 10. april 2017, 10:00 - Sist oppdatert: 9. april 2017, 21:17