Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kraftkar på lestå – del tre 

Guro Redalen Fredag 14. april 2017

Dette har hendt: Frk. Bladfyk, påskekrimløysar 2015 og 2016, er på åstaden der ein bunke med Vangsgutane med byrjinga på ei kjærleikshistorie mellom Sterk-Ola Bakken og Sigrid Vangen er røva. Vil Kåre og Steinar godta Ola som stefar? Og korleis går det med plakatskrivinga til Handelsmann Nordvik? Jau, her er det berre å henge på! 

Bordholmen. Denne flate flekken ved Toåa sitt utlaup. Ei grøn lunge mellom industribygg og tidlegare Samvirkelag. Åstaden for Todalshelg, Todalsdag, merketaking på lagseristemnet, fotballkampar i alle valørar og motvind uansett. 400 gruslagte metrar for spurt. Isbane om vinteren. Og ein klubbhus-kiosk med ettertrakta bakels. Ja så populær er dei bakelsa at idrottslaget måtte sette opp eit par fotballspelarar på redskapshuset for å minne folk om kva dei eigentleg kom dit for. Det var anten det, eller å gje tapt og døype plassen om til Bakelsholmen. 

Idrettsanlegget var tomt. Eller vent litt! Ei kvinne gjekk varsamt på grasmatta som tydleg bar preg av ein lang vinter. Det var nyutnemnd Ansvarleg Baneleiar. Med trena plenklyppar-blikk tok ho innover seg centimeter for centimeter av det som skulle tole både små og store sko med knottar i sesongen 2017. Etter Surnadal Golfklubb hadde skaffa seg 14 robotklipparar for å ta seg av klippinga av semiroughen (kva nå det er) hadde det vore oppe til diskusjon om TIL skulle skaffe seg det same. Dette vart nedstemt. Særleg styremedlemen med heilårs høg huvføring frå Brusetslekta var skeptiske til dette. Det vart lagt til ein merknad i møteprotokollen om at først når desse robotane kunne steike bakels og vere på kunnskapsnivå med Speaker Hansen skulle ein ta dette opp igjen til vurdering. Og Ansvarleg Baneleiar kunne difor halde fram arbeidet. For store endringar av historia var nemleg ikkje berre ein fordel tenkte ho, og noterte opp nøyaktig frømengde for såing. 

Frk. Bladfyk kjente hjartet slo hardare i takt med lyden av skritt som nærma seg reolen ho hadde gjømt seg i. Dei var fleire. Og verka målbevisste. ”Her! Eg tek denne om de får med dykk resten?” Stemma var kjent. Frk. Bladfyk tenkte for harde livet. Det skrangla i ”dei små grå”. Nei. Det skrangla faktisk i eskene dei bar på. Den lyden. Den stemma? Brikkene falt endeleg på plass for frk. Bladfyk. Stemma tilhøyrte Birøktar Andersstu, og dei tre andre var mest truleg Brørne Andersstu. Kva gjorde dei på det bakre bakrommet på Halsbua? Og visste Handelsmann Nordvik om dette? Ho drista seg til å sjå ut mellom ein bunke restopplag av historielagsboka ”Ystelyst på Meieriet” og isterningsposar forma som Hønhashjn. Heilt riktig! Det var nok eit firkløver frå Andersstua dette, alle kledd i kvite heildekkande drakter. Det såg meir ut som ei scene frå ei månelanding enn frå eit butikklager. Var det noko dei frykta skulle skje? 

“Vent litt!” Birøktar Andersstu snudde i døra og gjekk med stø kurs rett mot reolen til frk. Bladfyk. Berre han ikkje skulle … Han stoppa opp. Snuste ut i lufta. Bladfyk hadde lukka augo. Tida sto heilt stille. ”Nei, eg trur det er for tidleg” Birøktar Andersstu tok eit siste overblikk, plukka med seg ein boks valnøtter og gjekk etter dei andre. 

Jaha? Er denne birøktinga berre ei biintekt? Er det berre reint gras i frøposen på Bordholmen? Og kor lengje har Bladfyk tenkt å opphalde seg på bakrommet? Ein kan bli både sjakk og matt av mindre. Men få med deg neste avsnitt i morgon! Då går turen (så vidt) utanfor Kammen.

Høyr del 3 her:

Publisert: 14. april 2017, 06:00