Vår-rydding? Nå får du levert «lopper» til en god sak!
Årets store loppemarked og basar i regi av Røde Kors arrangeres 20. mai, i Røde Kors-huset på Bøvra. En hardtarbeidende komite er i full sving med loddsalg og innsamling av lopper og gevinster.
Vi fann 3635 artiklar i dette arkivet.
Årets store loppemarked og basar i regi av Røde Kors arrangeres 20. mai, i Røde Kors-huset på Bøvra. En hardtarbeidende komite er i full sving med loddsalg og innsamling av lopper og gevinster.
Svorka har no behandla alle sponsorsøknadane som kom inn innan søknadsfristen 15. mars. Fokuset til Svorka er å aktivt ta eit samfunnsansvar og gi noko tilbake til lokalsamfunnet, og dei har ein klar strategi der dei ønsker å gir litt til mange i staden for mykje til få. De fleste tildelingene i mars/oktober er på kr 1.000,- til kr 3.000,-, unntaksvis kr 5.000,- til kr 10.000,- for spesielt viktige prosjekter / aktiviteter fortel Janne Ragnes i Svorka.
I forrige veke hadde 30 elevar på 9. trinn ved Surnadal ungdomsskule opplæring i avløysarfaget parallellt med at dei øvrige elevane deltok på Innovasjonscamp. Avløysarkurset var denne gongen så populært at fleire ikkje fekk plass.
Ei ny utgåve av Utpågang er no på tur ut til alle postkassar i Surnadal og Sunndal. I denne utgåva kan du lese om familien Svinvik, Asbjørn Eggebø Næss og sunndalsfjella, ein jubilerande lokalbank og mykje meir. Produksjon er det Amfi Kreativ AS som står for.
Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon skjer i år 4. april, då går konfirmantane frå dør til dør og samlar inn pengar som skal gå til det globale arbeidet med å skaffe folk reint vatn og gode sanitærforhold.
Montørar frå TC Connect har i dag oppgradert til full radiodekning med DAB+ gjennom Svinviktunellen. Så om du har ein oppdatert DAB-radio i bilen din, er det no sending gjennom heile tunnelen.
I kveld var Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag samla på Surnadal ungdomsskule for å gjennomgå skolering som MOT-ambasadørar i nysatsinga MOT i fritid. Surnadal kommune har i fleire år vore ein MOT-kommune, men kun på ungdomsskulearenaen. No har dei utvida MOT-avtalen med ei 3-årig avtale saman med MOT-koordinatorane Eva Sæterbø og Laila Sollid. Kommunen utfordra Surnadal IL med konseptet, og damelaget i fotball vart eit naturleg valg i det vidare arbeidet.
Påmeldinga til tidlegare nemnte jegerprøvekurs i regi Surnadal jeger og fiskeforening nærmar seg. Oppstart 3. april kl 18.00 ved Surnadal vidaregåande skule. Det blir til saman 9 samlingar, inkludert på helg. Sjå heile programmet her.
Toril Redalen fra Todalen vart som einaste kunsthandverkar i Midt-Norge i går tildelt Statens Kunstnerstipend, arbeidsstipend med maksimal periode på 5 år. På landsbasis vart berre 12 kunsthandverkarar tildelt eit slikt arbeidsstipend. Kun 3 av desse fekk tildeling på 5 år.
BarneTeatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus tirsdag 28. mars med ein leiken vri på ein av dei store klassikerne, mest med tanke på de yngste. Vi har gratisbillettar om du klarer eit lite spørsmål…
I dag har todalen.no vore på lufta i 2772 dagar. Vel 7 år og 7 månader. Da vi starta nettsataden var eit av måla å ha noko nytt på heimesida kvar einaste dag. Da fann vi ut at eit nytt «dagens bilete» var ei fin løysing. Problemet kom berre til å få nok bilder å publisere, trudde vi. Der viser det seg no at vi tok feil. Våre lesarar har vore fenomenale til å sende inn bidrag av smått og stort, og vi har aldri gått heilt tom. Enno.
Det har vore spesielt mykje som har foregått på kulturhuset i dei siste fire vekene. Men det er berre halve sanninga; det er «alltid» mange innom Surnadal kulturhus. Totalt er det stipulert eit besøk på 12684 i den siste månaden på kulturhuset.