Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vipps, så kan du bli medlem!

Elinor Bolme Fredag 2. juni 2017

Som så mange andre lag og organisasjonar har også todalen.no ordna seg med Vipps. Vi håpar no at denne enkle betalingsmåten skal gjere det lettare for todalen.no-patriotar å tegne støttemedlemsskap på 150 kroner i året.

Medlemskontigenten både i støttemedlemsskapa og dei ordinære medlemsskapa for lag, foreningar og bedrifter blir bruka for å finansiere vidare drift av Todalen.no og premiar til konkurransar på sida. Vi håpar derfor at enda fleire ser nytten i Todalen.no, og ynskjer å bidra til å halde den levande. 

Har du derfor Vipps er det berre å søkje opp Todalen.no, eller bruke vårt Vippsnummer 107600. Skriv namn og postadresse og send over 150 kroner så er du støttemedlem og vil automatisk få tilsendt faktura dei neste åra.

Har du ikkje Vipps, men ønsker likevel å bli støttemedlem sett du berre 150 kroner inn på vår konto 4040 15 70219 og skriv navn og adresse.

Også Todalen Idrettslag er komne med på Vipps, med ulike avdelingar:

 

Publisert: 2. juni 2017, 16:00