Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3681 artiklar i dette arkivet.


Dårlege mødre og farleg togtur

Steinar Hasselø Fredag 10. november 2017

To nye filmar på Surnadal kino frå fredag av; ein tek for seg nokon dårlege mødre skal feire jul og den andre fortel kor viktig det er å teikne livsforsikring før ein tek toget. I alle fall så lenge Agatha Christie legg opp reiseruta.


Nordisk bibliotekveke i skulen

Elinor Bolme Torsdag 9. november 2017

Skulen markerer også i år den Nordiske bibliotekveka med eit arrangement måndag 13.nov på biblioteket, og håpar at mange tek ein tur for å sjå på utstilling av nye bøker og ulike aktiviteter til vaksne og born.


Kultursjå med «Farmen-Kristian» i Surnadal

Elinor Bolme Torsdag 9. november 2017

Sett av kvelden torsdag 16. november. Da blir det Kultursjå i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Programmet er rikt og variert melder Surnadal heimbygdlag.


Månadens bilete: Solnedgang på Åsbøsnytå

Ole Petter Talgø Torsdag 9. november 2017

For oktober kan vi gratulere Anja Dalsegg Sæter som vinnar av månadens bilete med » Solnedgang på Åsbøsnytå» med 77 av dei 252 stemmene som kom inn denne månaden. Tett bak fulgte Nordåbotn fra Gudmund K Kvendset og Høst i hagen fra Brit Hansen. Vi treng sjølvsagt fleire bilete, og du har god tid enda på å ta et blinkskudd som kan stikke av med tittelen som månadens bilete for november.


Frøken Språk frå Todalen

Elinor Bolme Tysdag 7. november 2017

Språk og det å skrive kan være vanskeleg. Å skrive godt enda verre. I Gran kommune har dei sett fokuset på dette og her kjem Åse Torill Krågsrud sin interesse for korrekt norsk språk godt med. Ho er tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i informasjonsavdelinga i Gran kommune, og under aliaset Frøken Språk har ho saman med sine kollegaer jobba for å forenkle det kommunale ordforrådet i kommunen.


Stem på månadens bilete for oktober

Ole Petter Talgø Sundag 5. november 2017

Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Vi har få bilete i køa nå, og hadde satt stor pris på om du vil sende inn bilete til oss.


El-bil og opera

Elinor Bolme Laurdag 4. november 2017

El-bilar og elbil-politikken er tema for Indre Nordmøre Senioruniversitet på møtet i Surnadal 8.november på Kulturhuset. Her vil Einar Oterholm, prosjektleiar og Grønn kontakt, orientere mellom anna om el-bilhistoria og om situasjonen når det gjeld lading og ladestasjonar i Møre og Romsdal.


Den store kinodagen i Surnadal

Steinar Hasselø Fredag 3. november 2017

I morgon er det halv pris på kinoen og Surnadal kino byr på tre barnefilmar – i tillegg til ragnarok med Thor.

Er du ung av alder, kan du (nesten) se tre filmar for ein hundrelapp.


Ekstraordinært årsmøte

Elinor Bolme Tysdag 31. oktober 2017

Surnadal golfklubb kaller inn til ekstraordinært årsmøte 27. november.


Sirkus SuSu – Laurdag var det feiring av samarbeidet

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. oktober 2017

Laurdag var det storstila feiring av samarbeidsprosjektet mellom Surnadal og Sunndal – det samla mykje folk i Surnadal idrettshall for å feire 4 års samarbeid.  Her var det samla deltakarar frå både Surnadal og Sunndal, og det var både talar, utstillingar og presentasjon av næringslivs- og kultursamarbeidet i dei to kommunane – god oppslutning var […]


Over 200 000 kroner innsamla i Surnadal

Elinor Bolme Sundag 22. oktober 2017

I kveldinga kan vi sjå på heimesida til NRK sin innsamlingsaksjon at det no er innkome vel 203 000 kroner av snart 60 millionar så langt i årets TV-aksjon. Eit tal som til og med vil doble seg før siste oppteljing er ferdig. I Todalen var 6 bøssebærarar på plass og starta på sin runde klokka 14.


Kløvertur ute i liene på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 22. oktober 2017

Kløverturen måndag 23. oktober blir etter fin skogsveg i liene ovafor Nordvik. Oppmøte ved Halsbua kl. 11:00, samkjøring derifrå utover til Nordvik, der vi kjører eit stykke oppover skogsvegen som startar ute i «Rabban». Skogsvegen går i retning Åsbøsnyta, men det er ikkje målet for turen, vi skal ikkje gå så langt. Eit stykke oppe i lia er […]