Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Over 200 000 kroner innsamla i Surnadal

Elinor Bolme Sundag 22. oktober 2017

I kveldinga kan vi sjå på heimesida til NRK sin innsamlingsaksjon at det no er innkome vel 203 000 kroner av snart 60 millionar så langt i årets TV-aksjon. Eit tal som til og med vil doble seg før siste oppteljing er ferdig. I Todalen var 6 bøssebærarar på plass og starta på sin runde klokka 14. 

Fredrik var med pappa Kjetil Sogge og var lett på foten når han for rundt på dørene med børsa. Dei hadde frå kirka og oppover til Bruset kunne dei fortelje, og rekna med god oppslutning til årets aksjon som går til UNICEF sitt arbeid for utdanning til barn ramma av krig og konflikt.

Klokka 19 no i kveld er resultatet frå Surnadal kommune sine bøssebærar allereie innkomne til NRK og registrert på innsamlingssida.

For å sjå resultatet frå dei andre kommunane og landet totalt kan du gå inn hit: Oversikt over innsamlingsaksjonen 2017

Publisert: 22. oktober 2017, 19:09