Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dårlege mødre og farleg togtur

Steinar Hasselø Fredag 10. november 2017

To nye filmar på Surnadal kino frå fredag av; ein tek for seg nokon dårlege mødre skal feire jul og den andre fortel kor viktig det er å teikne livsforsikring før ein tek toget. I alle fall så lenge Agatha Christie legg opp reiseruta.


Men først ein liten korrigering: det kjem tre nye filmar på Surnadal kino dei komande dagane. For på dagtid (kl. 13) tysdag 14. november vil den norske filmen «Hva vil folk si» bli vist. Om ikkje tittelen seier deg så mykje, har du sikkert fått med deg intervju med regissøren, norskpakistanske Iram Haq, på t.d. «Lindmo», «Dagsrevyen» eller i andre program.

Filmen har klare sjølvbiografiske trekk og handlar om ei ung jente som balanserer mellom verdsleg norsk ungdomsliv og tradisjonelt pakistansk heimeliv. Faren meiner ho dett ned på «feil» side og jenta blir kidnappa og sendt til Pakistan. «Hva vil folk si» har fått veldig gode kritikkar og vil bli vist litt no og da i vekene framover.


Komedien «A Bad Moms Christmas» er ein av kveldsfilmane i den komande veka. Her får vi igjen møte dei tre frå “Bad Moms”. Da var dei lei av kva prestasjonspress dei må følgje for å henge med og det er dei framleis! Filmen vil bli vist fredag 10.11 (kl. 1800), søndag 12.11 (kl. 2030) og onsdag 15.11 (kl. 1800).
Nyinnspelinga av Agatha Christies «Mord på Orientekspressen» vil gå på dei same dagane og i tillegg på dagtid måndag (kl. 1300). Kenneth Branagh (som både spelar Hercule Poirot og har regien) har fått med seg eit stjernespekka lag av skuespelarar på prosjektet og vi nemner i fleng: Johnny Depp, Michelle Pfeiffer, Penelope Cruz, Judy Dench, Willem Dafoe. Filmen har fått 12-års-aldersgrense, men appellerer kanskje mest til enno eldre «kriminelle» med ei dragning mot det anglofile (engelske).

Publisert: 10. november 2017, 21:39